Aarvak 100 år: Programkveld frå dekk på skuta

Ein 100-åring må sjølvsagt feirast, og ishavsskuta Aarvak er ikkje noko unntak! Hovudfeiringa for 100-årsjubileet er lagt til komande helg, og sjølve Aarvak-kvelden er lagt til fredag 31. august kl. 19.00, med 150 inviterte mannskapsmedlemar, alle har vore mannskap på skuta i tida 1945-1968.

Sjølve programkvelden er open for alle interesserte, og vil innehalde både musikalske og historiske perler. Blant anna vil Ottar Vik, som var med skuta i 1956 ta med trekkspelet og spele for oss.

Aarvak vart bygd av Kristian Dekke i Bergen i 1912. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. Aarvak vart bygd med skrog i kryssarfasong. Som ny var skuta 90 fot lang, 21,6 fot brei, 10,6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk.

Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900. Aarvak dreiv selfangst, ekspedisjonsvirksomheit og fiskeri frå 1912 til 1981. I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget, og i 2009 vart vernebygget over Aarvak opna.  Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den i dag typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Øst-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.

Svært mange har seilt med skuta opp gjennom åra, og den har ein viktig plass i ishavshistoria.

På programkvelden er det skuta og mannskapet som har seilt med den som skal stå i fokus. Derfor har vi etter beste evne sett saman ei mannskapsliste på 150 mann som har segla med Aarvak fram til 1968 og invitert til jubileumsfeiring.