Aarvak 100 år: Shetlandsbussen «KNM Hitra» til Brandal

Fredag 31. august klappar KNM Hitra til kai ved Ishavsmuseet, og både laurdag og søndag kan folk gå om bord i «Shetlandsbussen».

Styrar Webjørn Landmark fortel at Ishavsmuseet har hatt samarbeid med Forsvarsmuseet.

Men marinen og ishavsnæringa har hatt mykje samarbeid gjennom generasjoner. Marinen har også vore aktiv i mange polarekspedisjonar heilt tilbake til Amundsen si tid.

 

Laurdag 1. september kl. 17.00 skal førstekonsulent Jan Ingar Hansen ved Marinemuseet i Horten halde foredrag på Ishavsmuseet. Han har blant anna skrive boka «Oscar Wisting – Amundsens betrodde mann», og meiner Wisting var sentral i gjennomføringa av dei store polarekspedisjonane.

Wisting var med Amundsen frå Sørpolen til Latham og han var også blant dei som leita lengst etter Amundsen i 1926.

KNM Hitra vil altså ligge ved kaia til Ishavsmuseet frå fredag til søndag. Hitra er det einaste bevarte minnet som er att frå Shetlandstrafikken under 2. verdskrig. Skipet vart funne att som vrak og restaurert. No seglar det langs kysten for å fortelje den dramatiske historia om trafikken over Nordsjøen.

Hitra var ei gåve frå USA til Noreg for å gjere teneste under marinen sin avdeling på Scalloway på Shetland.

Ei av hovudoppgåvene for den norske spesialavdelinga på Shetland under krigen var å frakte våpen, forsyningar og mannskap til spesialoppdrag på norskekysten, og hente desse og flyktningane tilbake. Storparten av mannskapa som vart sett i land i Noreg tilhøyrde Kompani Linge, og hovudoppgåva deira var å drive opplæring av Milorg-grupper, gjennomføre sabotasjeaksjonar eller arbeide som telegrafistar.

Frå 1940 til 1945 frakta avdelinga 192 mann og 383 tonn militærutstyr over Nordsjøen og til ulike stader på Vestlandet.