Avseilar-kveld på Ishavsmuseet.

I midten av mars månad var det vanleg for skutene som skulle i Vesterisen på fangst å ruste ut for tur. Denne klargjeringa tok ofte rundt ei veke. Alt av utstyr skulle finnast fram og berast om bord. Utstyret skulle sjåast over og gjerast klart. Sidan siste ishavstur hadde skutene hatt anna aktivitet som sildefiske. Spekktankar, bunkers og proviant måtte på plass. Eit omfattande arbeid, og eit yrande liv på kaiene med så mange skuter som skulle av garde. Ungane klatra i riggen og hadde store forventningar til at deira tur skulle kome. Gamlekarane fann seg stadig ærend ned på kaiene for og sjå til at alt var som det skulle. Stuerten hadde si fulle hyre med å koke kaffi, i tillegg til og sjå til at alt av proviant kom om bord og på rett plass.

Kvelden før avreise var det som oftast «avseilarfest».

Fredag 23. mars frå kl. 19.00 vert det igjen ein «avseilar» i Brandal. Ishavsmuseet byd inn til avseilar-kveld med ishavspresten Monrad Norderval som tema. 

Norderval skipa til ei rekkje avseilarfestar i Ålesund for selfangstfloten. I katastrofeåret 1952 var det 23 ishavsskuter som gjorde klart til fangst frå Sunnmøre. Norderval skipa til fest i Festiviteten i Ålesund den 12. mars.  Her heldt han tale for selfangarane som elles fekk seg nysteikte wienerbrød, kaffi og varm sjokolade. Det var også framvising av stumfilm frå ishavet, og rikeleg med salmesong.

Avseilardato var sett til 13. mars, men det var naturlegvis ingen skipper som kom seg ut på ein slik dato.

Frå 1935 var Norderval sokneprest i Ørsta, og frå 1948 i Ålesund. I oppveksten vanka Monrad mykje i fiskeri- og fangstmiljøet på Skjerva i Ålesund.

Norderval nytta ei rekkje høve til og vere med fiske- og fangstfartøy frå Sunnmøre til felta.

Etter katastrofeorkanen i Vestisen i april 1952, der 79 fangstmenn omkom, var Norderval med på ishavet ved første høve som baud seg etter ulykka. Det høvet var fangsten i Danmarkstretet sommaren 1952. Då var Norderval med «Kvitungen» som fiskar og fangstmann. Han fann at rette staden for prestetenesta hans på det tidspunkt – to-tre månader etter katastrofen – var akkurat blant fangstfolka i isen i Danmarkstretet.

I år er det 60 år sidan den siste store tragedien i Vestisen. Samstundes det 110 år sidan Monrad Norderval vart fødd.

På denne første avseilar-kvelden ved Ishavsmuseet er det desse to årstala som vert markerte.

Atle Hopland frå Ålesund kjente godt Ishavspresten Norderval. Han vil kåsere om Norderval denne kvelden på Ishavsmuseet. Hopland har vore prest bl.a. i nord Noreg før han kom til Ulsteinvik i 1983. Han er godt kjent i bygdene etter si lange presteteneste og mange kjenner han og har eit forhold til han etter møter i ulike faser av familiane sine liv.
Atle er svært kunstinteresert og har vore leiar i Ulstein kunstlag i fleire år. Mange kjenner sikkert også Atle som ein god historie forteljar, og det er denne sida ved den pensjonerte soknepresten vi skal få sjå denne kvelden på Ishavsmuseet.
Han vaks opp i same gate som Norderval og kjenner godt til mannen og kulturen i byen.

Harald Knutsen vil innleie kvelden med og fortelje om klargjeringa av skutene og det yrande folkelivet på kaiene og i gatene dagane før avreise.

Trekkspelet var kanskje det mest vanlege instrumentet som var med om bord på skutene. Denne kvelden vil Knut Selvåg vere med oss på trekkspel utetter kvelden som vert avslutta med skikkeleg ishavskost, nemleg saltkjøtt og erter. Påmelding til Ishavsmuseet for middagsbestilling. webjorn@ishavsmuseet.no tlf 700 92 004 / 95 11 76 44