Boklansering søndag 7. november

Boka «Is, skuter og folk» – Isflaket 10 år, er snart klar frå trykkeriet. Søndag 7. november blir det boklansering på Ishavsmuseet med lett underhaldning og god mat.

Boka inneheld eit utval artiklar frå dei første 10 åra med Isflaket. Dei utplukka artiklane handlar ikkje først og fremst om skutene, men om folka som var med dei på selfangst, ekspedisjonar og overvintring.

Boka spenner over eit tidsrom på 100 år. Ho er rikt illustrert med nær 200 foto, og har over 300 sider. Redaktørane i boka, Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og Gunnar Wiik vil vere tilstades og fortelje. Boklansering kl. 15.00. Ishavsmuseet vil vere ope for matsal kl. 13-17. Vel møtt!