Film og middag med hjortegryte på Ishavsmuseet

Søndag 4. oktober har Ishavsmuseet leita fram ein aldri så liten filmskatt frå arkivet.

 Filmen som vert vist i konferansesalen denne dagen er om den første norske ekspedisjonen som gjorde flyfotograferingar på Aust-Grønland sommaren 1932. Filmen vert vist kl. 14 og kl. 15.

Denne sommarekspedisjonen i 1932 og luftfotograferingane var utan tvil ein strategisk viktig del av det norske arbeidet for å vinne både sympati og framgang for Noregs rett til dette landområdet. Et landområde som betydde så mykje for norske fangstmenn.

Som skip for denne ekspedisjonen vart valt flaggskipet i det ny etablerte aksjeselskapet A/S Polarbjørn, der Peter S. Brandal og Bergens firmaet G C Rieber & Co A/S var hovudaksjonærar. «Polarbjørn» var den stautaste og beste skuta i Polarbjørn-selskapet denne tida.

 Til flyfotografering hadde dei med eit en-motors fly av typen Lockheed, med namn «Qarrtsiluni» (LN-ABD) som konsul Lars Christensen i Sandefjord stilte til disposisjon. Til observasjonar og rekognosering frå lufta hadde ekspedisjonen dessutan med eit dobbeldekker av typen Spartan (LN-ABG), som fabrikkeigar Joh. H. Andresen i Tiedemans Tobaksfabrik A/S ordna gjennom å gi ei betydelig økonomisk støtte til ekspedisjonen.

 Luftfotograferinga var ein av ekspedisjonens hovudoppgåver. Men ekspedisjonen hadde også med seg vitskapsmenn med mange andre og viktige oppgåver i Eirik Raudes land: geologi, zoologi, oceanografi, botanikk, astronomi og arkeologi. For ikkje å gløyme den unge norske sysselmannen, Helge Ingstad. Ja, med ekspedisjonen følgde også ein kunstmalar som kompletterte dei markbaserte fotografiske observasjonane.

 I tillegg til alt dette hadde «Polarbjørn» også med seg avløysarar til dei mange norske fangststasjonane – og ikkje minst hundar til disse stasjonane. Totalt var det med ombord i skuta 54 menn – men det var køyplass bare til 42.

 Stuertane ved museet serverer hjortegryte denne søndagen frå kl. 13-17