Foredrag og moskussteik på Ishavsmuseet fredag 20.11 kl. 19.00 Polarkveld om Ernest Shackleton

 «Vi reiser ut, unge og nysgjerrige. Opplever naturen, opplever fare, overlever, får venner. Er borte et år eller to, og så reiser vi hjem igjen. Men vi er ikke de samme som da vi reiste ut. Vi glemmer ikke. Isen, kulda, slitet, vinden som uler utenfor teltet. Fingre som er ubrukelige fordi de er stive av kulde. Alt det som gjør at du forbanner deg selv for at du dro ut. Du klarer ikke å glemme det. Men det er også det som trekker deg tilbake. Gang på gang.

 Det er vinteren 1916, og det er Frank Wild, den britiske polareventyraren Ernest Shackletons nestkommanderande, som gjer forsøk på å snakke mot og håp inn i dei andre karane. Dei ligg under to livbåtar, på ein forblåst odde på ei aude øy langs kysten av Antarktis, og ventar på at Shackleton skal redde dei.

100 års minne

Det er hundre år sidan briten Ernest Shackleton forsøkte å bli den første til å krysse Antarktis frå kyst til kyst.

Per Sennels – som bor i Røyken kommune i Buskerud – har skreve ei annleis polarbok

om denne ekspedisjonen. Fredag 20. november gjestar han Ishavsmuseet med foredrag og bokpresentasjon.

 I 1911 erobra Roald Amundsen Sydpolen. Difor var det berre ei bragd som sto att i Antarktis; å krysse det enorme, kvite kontinentet frå kyst til kyst.

Sir Ernest Shackleton bestemte seg for å vere førstemann til å utføre denne heltedåden.

Men allereie på veg til Antarktis fraus skuta hans, norskbygde «Endurance», fast i isen, og for nøyaktig hundre år sidan vart dei 28 karane om bord tvinga til å gje opp skuta.

Samstundes, på den andre sida av Antarktis, var andre medlemmer av ekspedisjonen i gang med å legge ut depo som Shackleton ville trenge for å krysse Antarktis. Dei visste ingenting om at ekspedisjonen allereie var mislukka, og jobba med livet som innsats for å gjere sin del av jobben.

 Ein av dei store

Per Sennels har skreve en dokumentarroman om denne ekspedisjonen. Med utgangspunkt i eit rikt kjeldemateriale fortel han historia om ein ekspedisjon som er ukjent for mange, og om ein mann som ikkje alle kjenner til, men som var verdsberømt i si samtid, som pleia omgang med dei store polarheltane, og som Roald Amundsen meinte kanskje var den største av dei alle.

Og for første gang på norsk fortel forfattaren grundig innsatsen til karane som la ut depoa som Shackleton aldri skulle få bruk for; om korleis dei sleit, om korleis dei klarte det, og om den høge prisen dei måtte betale for å gjennomføre sin del av ekspedisjonen.

 Moskus på menyen

Etter foredraget til Sennels komande fredag vert det servert noko så eksklusivt og sjeldan som moskussteik i museumskafeen. To gode grunnar til å vitje Ishavsmuseet denne fredagen med andre ord. Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, gler seg til å kunne by fram denne noko sjeldne kosten. Dei som ynskjer å smake denne eksklusive steika av moskus må melde seg på til Ishavsmuseet.