Frammuseet og Ishavsmuseet har inngått samarbeidsavtale
Under ein svært vellykka polarkveld på Ishavsmuseet 25. januar, som markerte starten på eit svært aktivt museumsår 2012, vart det signert ein samarbeidsavtale mellom Frammuseet i Oslo og Ishavsmuseet på Brandal.
Gjennom hausten og vinteren har partane hatt fleire gode samtalar om eit framtidig samarbeid.
Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om å lyfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.
Avtalen gir også signal om korleis landets mest kjente polarmuseum ser på Ishavsmuseet som ein viktig aktør i polar Noreg.
Begge partar er samde om at intensjonen med avtalen er at også dei andre polare museum i Noreg skal verta ein del av dette samarbeidet.
Denne avtalen styrkjer banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying.
Avtalen inneheld styrking av den faglege kompetansen, utvikling av formidlingsarbeid, formalisere det faglege samarbeid, og formidle kunnskap og auke interessa for den polare historia og menneska i fortid, samtid og framtid.
Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea.
Viktig vert også dei felles møta, styrking av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.
Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som Ishavsmuseet har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg. Vi har sakna desse tette banda inn mot polarmiljøet, og ser no med forventning og inspirasjon fram til å utvikle dette vidare til det beste for musea.
Denne avtalen stadfestar også Ishavsmuseet sin grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterkt fokus på dette.
I så måte kunne vi ikkje finne ein betre samarbeids partnar å utvikle dette arbeidet på, enn Frammuseet.