Fullt hus på Tjørvåg-kveld.

Fredag kveld var det duka for Tjørvåg-kveld på Ishavsmuseet Aarvak. Med føredraget ”Ein gong ei ishavsbygd”, om Tjørvåg, trekte Jarl Grimstad og Arnfinn John Klungsøyr Karlsen fullt hus.

 

Med eit frammøte på over 150 personar frå heile Sunnmøre, var det 75 av desse som nytta moglegheita for å få seg ein retteleg ishavsmiddag, Selkjøttgryte etter føredraget. Skal ein tru stemninga rundt bordet var også dette ein fulltreffar for Ishavsmuseet, som er i vinden som aldri før.

Jarl Grimstad drog linjene om arbeidet som vart gjort med innsamlinga av material og bileter i Tjørvågen og som tok til i 1973. Jarl som sjølv er lærar i lag med kollegaen Richard Berg var den som starta dette arbeidet. Jarl fortalte om ulike episodar frå dette arbeidet, han la særskilt vekt på at dei hadde teke eit viktig og rett val den gongen dei beslutta at alle bilda skulle avfotograferast for å sikre best kvalitet, og at alle bilda skulle ha same ramme og like messingskilt. Den gongen på 70-talet var avfotografering og innramming av eit bilete ein kostnad på om lag 250 kroner. Men tjørvågingane visste råd, dei arrangerte åresal og seinare aksjon isfjell. Og med hjelp av diverse bedrifter kring om kom dei seg i mål. Alle dei 18 skutene som har høyrt heime i bygda er dokumenterte med bilde og anna utstyr relatert til ishavet og samla på Ishavsgalleriet på Herøy Gard. Jarl fortalte også levande frå sine eigne turar på ishavet. Han fortalde også om det gode samarbeidet tjørvågingane har hatt med brandølingane, og nemnte spesielt Henrik Landmark som ein interessant samarbeidspartner.

Etter det spennande innlegget til Jarl var det Arnfinn John Klungsøyr Karlsen som fekk ordet for å snakke om selfangst i nyare tid. Arnfinn har i mange år drevet med foredling av selprodukt der han blant anna står bak Polaroljen. Etter hans utsegn er grønlandsselen i dag totalt ute av kontroll, så der er eit stort behov for at det blir drive med selfangst. Utfordringane for å få denne lønnsam ligg på landsida der ein både treng produktutvikling, kapital og marknadsføring m.m. På dette grunnlag har Arnfinn ein stor draum om å arrangere ein selproduktskonferanse i Brandal i nærmaste framtid.

Publikum viste stor interesse og synest det var kjekt at Ishavsgalleriet på Herøy Gard og Ishavsmuseet Aarvak kunne arrangere ein felles ishavskveld.

Etter denne gedigne suksessen, gler vi oss til dei neste arrangementa ved Ishavsmuseet som er som følgjer:

Onsdag 14. mars – \»Verdspremiere\» på filmen om Ishavskjerringa.

Fredag 23. mars – «Avseilarfest» med fokus på Monrad Noredrval, ved Atle Hopland med fleire

Fredag 20. april – Miss boyd- kveld på museet med føredrag av Brit Aarseth.