Isflaket ute med julenummer

Redaksjonen for medlemsbladet Isflaket, organ for Ishavsmuseets Venner, er ute med nr. 4 for 2005. Isflaket har vorte eit viktig organ for formidling av polarhistorie, og nytt frå museet. Isflaket kjem i eit opplag på 500 eks. Årets siste utgåve, i den 7. årgang, er no utsendt. Ønsker du å motta Isflaket? Send oss ein mail og tegn deg som medlem. Medlemsskap innkludert 4 nr. av Isflaket fritt tilsendt kr. 150,- pr. år.

Isflaket nr. 4 – 2005 side 1.

GODE LESAR!

Nesten alt som står i dette bladet handlar om fortida. Vi er opptekne av å ta vare på minne om eit miljø og ei næring som ikkje lenger eksisterer på våre kantar. Men i Arktis er det enno mange som lever av fangst. Vi har ein artikkel om korleis den globale oppvarminga trugar livsmiljøet for mange artar i Arktis. Isen smeltar og dyra trekkjer nordover, men Nordpolen utgjer ei grense. Altså er Isflaket også oppteke av framtida.
Hans M. Hjelle frå Dalsbygda i Volda fortel frå sin einaste ishavstur i 1939; selfangst og håkjerringfiske. Han hadde kamera med, og vi trykkjer nokre av bileta hans. Vi startar ein ny serie – Skuter som forliste – i dette nummeret. Det er Sigbjørn Rosbach Røren – tidlegare adm. dir. i Møretrygd – som plukkar ut sjøforklaringar i Møretrygd sitt omfattande arkiv. Vi er svært glade for at Røren har teke på seg dette arbeidet.
Vi har ein artikkel av Magnus Sefland om Malula av Haugesund. Denne gongen skriv han om turane som skuta gjorde på ishavet i 1930. Havtor Hofset har skrive ein artikkel om «Sjannøy», ei skute det av ein eller annan grunn ikkje er skrive så mykje om tidlegare. I serien «Frå arkivet» dreg vi fram ei fornøyeleg skildring som skipper Benjamin Brandal skreiv om ein tur til Kvitsjøen i 1923.
Ishavsmuseet er arena for kulturelle arrangement. Du kan lese omtale av fleire slike inne i bladet.
Ola Jarle Bigseth har skrive ei ny, ypparleg historie i serien «Småstubbar». Historia gjekk føre seg i den tida då framdriftsmaskineriet på ishavsskutene ikkje alltid var av det kraftigaste slaget og farta deretter.
Johannes Bjarne Alme – den første redaktøren i Isflaket – minnest Bjarne B. Brandal som døydde 26. oktober. Bjarne B. Brandal med sin iderikdom og pågangsmot vart svært sentral i arbeidet med å starte både Venneforeininga og Isflaket.
Vi som arbeider med Isflaket får mange telefonar og brev med synspunkt. Og folk er flinke å sende oss artiklar. Vi opplever at bladet vekkjer interesse, og at vi har fleire lesarar enn opplagstalet skulle tilseie. Det er vi glade for. Vi vil takke alle for hyggeleg samarbeid i året som snart er til endes.
Vi ynskjer alle ei god jul og eit godt nyttår!

Brandal 2.12.2005 Helsing Finn Sindre Eliassen, redaktør.