«Ishavsfolk si erfaring» i nytt opplag

Johannes Alme si bok om ishavsfolk si erfaring er no ute i nytt opplag. Boka kom ut på Tapir forlag i 2009, og vart raskt utseld frå forlaget.

Det er Ishavsmuseet på Brandal som no gjev ut andre opplag av boka. Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, seier at museet er både glade og stolte over å få høve til å gjeve ut boka på nytt. Sidan første opplaget vart raskt utseld har det vore stor interesse og etterspurnad etter boka. Når forlaget viste velvilje til å overføre rettigheitene på boka til Ishavsmuseet, var vi aldri i tvil om å gje ut nytt opplag, seier Landmark.

I denne boka er det kunnskap om farane i isen som blir formidla, og det er fangstfolka sjølve som fortel. Framstillinga er basert på eit omfattande og grundig arbeid med å dokumentere historia til dei som hadde ishavet som arbeidsplass frå om lag 1900 og heilt fram til i dag. Forfattaren tek utgangspunkt i eigne kunnskapar om emnet, men like sentralt står dei mange personlege vitnesbyrda frå ei mengd tidlegare selfangarar. Frå ulike tidsepokar og havområde gjev dei oss innblikk i kva dramatikk og farar fangstinga kunne innebere. Her er historier frå Newfoundland, Danskestretet, Vesterisen, Austisen, Kvitsjøen, Nordisen og Svalbardområdet.

 Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet seier at Ishavsfolk si erfaring framleis er høgst aktuell. Forfattaren skildrar korleis isen på dei ulike felta i nordområda har oppført seg gjennom 100 år. Dette er viktig kunnskap for dei som i dag ser mot nordområda for nye næringar.

 «Ishavsfolk si erfaring» er eit viktig bidrag til Noregs polarhistorie. Boka gjev eit godt innblikk i livet til ishavsfolket som kjempa mot den farefulle isen, men også om livet om bord, dei gode turane, og også dei muntre historiene.

På Ishavsmuseet vert innhaldet i denne boka aktivt brukt i formidlinga av vår stolte ishavshistorie til oppveksande generasjonar.

 Johannes Alme seier at «Ishavsfolk si erfaring» vart eit resultat av forskingsprosjektet PetroArctic ved professor Sveinung Løset ved NTNU og professor Ove Tobias Gudmestad ved UNS. Kunnskapen som vert formidla i «Ishavsfolk si erfaring» er tidlaus og gir lesaren ei god innføring i utfordringane ishavsfolket møtte på fangstfelta.

-Basert på mange gode tilbakemeldingar frå første opplaget, tørr eg seie at boka gir ei god framstilling av emnet. Så får det heller våge seg at her ikkje er bilete av verken blod eller døde selar i boka, seier forfattaren med eit lite glimt i auget.

 Både Alme og Landmark er sikre på at boka framleis vil selje godt, og den burde vere ei flott julegåve til alle med polare interesser, med røter frå selfangarmiljø eller som har lyst til å få kunnskap om det å ferdast med båt i isen.