Ishavskveld 17. oktober 2007
Onsdag 17. oktober er det duka for Ishavskveld på museet. Programkvelden er ein del av Hareidsstemna. Til Ishavsmuseet kjem Svalbard legenda Per Johnson og kåserer. Ishavskvelden tek til kl. 19.00
Per vaks opp på beste vestkant i Oslo, men ville sjå Svalbard. Han sende søknad på jobb som messegut på Brandalskuta ”Signalhorn”, men skjøna at han ville ikkje kome i betraktning, så han reiste til Brandal for å søke på jobben, og jobben fekk han! Sommaren etter var han lettmatros på same skuta. Dette var starten på Per sitt polarliv, som sidan i stikkordsform har vore, medlem på Nordpolsekspedisjon, overvintringsfangst, oljeboring, henting av moskus på Grønland, selfangst, drift av sagbruk på Svalbard, sal av fjordis til rekeflåten, forlis i Barentshavet, skipper på turist og fraktfart på Svalbard. Det var etter ein sommar om bord Per si skute ”Sandsvalen” John Michlet skreiv romanen ”Orions Belte”. Kort sagt var Per innom det meste av det som gjekk føre seg på øygruppa på 60 og 70-talet.