Ishavskveld med Stein P. Aasheim
I fotspora til Amundsen 100 år etter.
Ishavsmuseet onsdag 17. oktober kl. 19.00
Stein Peter Aasheim er forfattar, fotograf og turmann. Aasheim er kjent frå fleire ekspedisjonar i Himalaya (Trango-ekspedisjonen i 1984 og den første norske bestigning av Mount Everest i 1985), sykkeltur i Sahara, fottur i Ny Guinea, ridetur i Mongolia, ein serie skiturar på Svalbard, Grønland, Sibir og Gobi, og kanoturar i Tasmania, rundt Svalbard og på Nahanni River i Yukon. Han er i dag busett i Isfjorden.
Han var ekspedisjonsdeltakar til Sørpolen frå oktober 2011 saman med Vegard Ulvang, Harald Dag Jølle og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen fylgde same rute som Roald Amundsens ekspedisjon følgde i 1911-12 og hadde som mål å komme fram til polpunktet 100 år etter Amundsen.
Stein P. Aasheim held foredrag på den årvisse Ishavskvelden i Hareidsstemna. Elles i programmet i år vert mellom andre Gollj og Gråstein som framleis har høg kvalitet, breitt repertoar og humor. Atle Gjerde har komponert song til Aarvak sitt 100 års jubileum, og vil framføre denne for oss. Det vert lagt opp til kaffi og pratepause i kjent stil.