Ishavsmuseet «Aarvak»

Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag, og ca. 1600 registrerte gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, tre isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar.

 

Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag, og ca. 1600 registrerte gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, tre isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar. Museet har meir enn 1000 fotos som illustrerar dette miljøet. Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar, som av dei frå 1930-åra. Bygningen der samlingane er utstilte vart oppført i 1950-åra og vart brukt til foredling av selskinn og til lagring av utstyr for skutene. Brandal var utgangspunkt for i alt 47 skuter som dreiv verksemd i polare strøk.
Ishavsmuseet er det einaste allmenne polarmuseum sør for Tromsø. Museet vart lagt til Brandal fordi bygda var eit sentrum for selfangst frå Vestlandet frå 1898 av. I Brandal var fabrikkanlegg som tok i mot ishavsprodukta og foredla dei vidare. Skinna vart behandla vidare og spekket vart dampa til selolje.

Då denne næringa var på topp i slutten av 1920-åra, drog 75 ishavsskuter ut frå Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeid i denne næringa. Selfangst var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Dei fleste skutene forliste før eller sidan i isskruing eller i uver på overseglingane til fangstfelta. I perioden 1924 – 1939 forliste 115 ishavsskuter. Som oftast vart mannskapa berge. Det var skuter av tre – med mannskap av jern.