Ishavsmuseet med spanande samarbeid med Svalbard Museum.
Ishavsmuseet Aarvak er i sterk utvikling og opplever stor interesse frå inn- og utland, og det er med stor glede vi kan offentleggjere at enda eit museum vil knyte seg til vårt polarhistoriske nettverk.
Under ein vellykka polarkveld på Ishavsmuseet fredag 2. november, som hadde fokus på 50 års minne etter Kings Bay ulykka i 1962, vart det signert ein samarbeids avtale mellom Svalbardmuseet i Longyearbyen og Ishavsmuseet på Brandal.
Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og lyfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare og breiare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.
Ishavsmuseet Aarvak ser på dette som viktig musealt arbeid, der formidling, historie, og samarbeid vil ha fokus. Dette er museumsformidling og museumsarbeid på sitt aller beste!
Denne avtalen styrkar banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying.
Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea.
Viktig vert også styrkinga av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.
Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg.
Denne avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette.
Saman med vårt tidlegare inngådde samarbeid med Frammuseet i Oslo og Pier 21 i Canada, er vi sikre på at dette vil utvikle museet vårt, og auke interessa for vår historie og styrkje nærheita til vår nære polarhistorie.
Det lyfter statusen til Ishavsmuseet til nye høgder. Og vi er visse på at dette vil gjere oss sterkare i vår satsing på å få den statusen som Ishavsmuseet fortener.
Og ikkje minst gir det oss kompetanse, djupare kjennskap, og mykje meir innlevelse, forståing og samarbeid i vårt museumsarbeid enn oss kunne ha fått i nokon annan konsolidering .
Dette er ein stor dag for oss ved Ishavsmuseet, og vi vil takke Svalbardmuseet ved leiar Tora Hultgren for dette. Når vi etterkvart har fått koordinert oss, skal det nok kome mykje godt ut av både denne samarbeidsavtalen, og dei dei to tidlegare inngåtte avtalane. Polarsamarbeidet består i dag av Frammuseet, Pier 21, Svalbard Museum og Ishavsmuseet Aarvak.