Ishavsmuseet overtek M/S Polarstar

Torsdag 12. mai var ein ny merkedag i Ishavsmuseet Aarvak si stolte historie. Då blei kjøpspapira underteikna, og museet sitt dotterselskap Veteranskutelaget Polarstar er no eigar av eitt av landets viktigaste kulturminne.

Willy Nesset har gjennom selskapet VS Poland i nær 15 år lagt ned eit enormt arbeid og nytta mykje pengar for å berge M/S Polarstar. Den omfattande restaureringa i Polen varte i snart fire år og kosta om lag 21 millionar kroner. Dette var andre gong at Polarstar vart berga frå opphogging. Når no Willy Nesset kom til at det kanskje var tid for andre til å ta prosjektet vidare, er Ishavsmuseet glade for å få sjansen til dette.

-Vi kunne ikkje sitje stille å sjå på at Polarstar eventuelt skulle forsvinne til andre stadar i landet, seier styreleiar i Ishavsmuseet Eldar Hareide.

– Intensjonen har heile vegen vore at Polarstar skal tilbake til Brandal. Når det no blir slik, er eg veldig, veldig glad. Eg er godt nøgd med at vi fann fram til ei god løysing, seier Willy Nesset. Han vil også trekkje fram den enorme innsatsen til alle dei frivillige rundt Polarstar som har bidrege.

– Utan denne gjengen på 30–40 entusiastiske hjelparar, hadde aldri Polarstar blitt så bra som ho blei, seier han.

Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet fortel at kjøpet førebels er finansiert gjennom banklån, og – det er faktisk allereie på plass avtalar dei neste fem åra til ein sum på rundt seks millionar kroner – som skal gå til drift av båten og å betene lånet dei første åra. Leiinga ved Ishavsmuseet er klar over for ei stor oppgåve Veteranskutelaget Polarstar no har teke på seg, men er optimistiske på framtida til skuta. Men det er ikkje til å legge skjul på at her trengst det mykje god hjelp i åra som kjem.

Som spesialmuseum for selfangst og polarfangst har Ishavsmuseet Aarvak i dag ei av dei største polare samlingane i Norden. Museet kan no også skilte med ikkje berre éi men to ishavsskuter. Andre generasjons ishavsskuta Aarvak, som blei bygd i 1912, og tredje generasjons ishavsskuta Polarstar, som var den første selfangaren i stål, bygd i Glasgow i 1948.

– Å kunne drifte Polarstar langs kysten, og formidle denne rike historia vår på ein flott måte, det opnar mange nye moglegheiter for Ishavsmuseet. I tillegg er det kjekt å ha ein båt som kan nyttast på sjøen, godkjent og med alle papir i orden. Det er ein båt i fantastisk god stand. Ein nasjonalskatt, seier Webjørn Landmark.