Ishavsveteran Tormod Jensen trekte fullt hus på Ishavsmuseet

145 frammøtte fekk med seg eit foredrag fullt av dramatikk når Tormod Jensen vitja Ishavsmuseet fredag 21. februar.

Hinlopenstredet, Svalbard, 19. juli 1958. Klokka har passert fem om morgonen. Tormod Jensen frå Tromsø, 16 år dette året, har nattevakt om bord på ishavsskuta «Forland». Det er mykje stor is rundt skuta.

Tormod var skuleelev, men om somrane har han teke sommarjobb på Ishavet. Sjølv om Tormod er ung, er det allereie hans andre ishavstur. Seinare skulle det verte 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet.

 

Turen starta frå Tromsø 26. juni, med stopp i Tromvik før kursen vart sett til Storfjorden vest for Tusenøyane på Svalbard. Det var 7 mann i mannskapet denne turen. Dei vart møtte av mykje is i området som gjorde fangsten vanskelig. Etter som isen slakka opp, vart det fangst på storkobbe og isbjørn.

Trass dei vanskelege is-forholda har dei fanga 147 storkobbar og 50 snadd (ringsel). Karane har dessutan skote 27 isbjørn. I bur på dekk har dei to isbjørnungar som skal til Carl Hagenbecks zoologiske hage i Hamburg.

Etter kvart som isen slakna, gjekk MK «Forland» gjennom Heleysundet, eller Orm-hòlet som fangstfolk kalla det. Om morgonen den 19. juli kjem eit stort isfjell drivande og treff MK «Forland». Foten av isfjellet hadde gått inn i maskinromet og det var totalhavari på fartøyet. Det var ikkje tid å sende ut naudsignal, og fartøyet vart forlate. Dei bergar med seg fem Krag-Jørgensen gevær, 500 rifleskot, ei hagle og 100 haglpatroner. Gevær og ammunisjon er viktig. Dei kan skaffe mat når provianten er brukt opp. Dei veit ikkje når og om dei vert berga.

Skipper Werner Wilhelmsen har gjeve ordre om at ingen lenger må gå ned i lugaren. Dersom isen brått slepp taket, vil den skada skuta søkkje som ein stein.

Ein strabasiøs tur over landisen starta, der livbåten vart dregen over isen i 17 timer. Her låg ei hytte som Tormod var kjent med frå året før. Dei låg i den hytta i 11 døgn før dei prøvde å gå nordover i Hindlopenstredet.

Etter 11 døgn, med usikkerheit om det meste, letta isen sopass mykje at dei kan fortsette.

Men kvar skal dei sette kursen? Skipper Werner Wilhelmsen veit at det fins folk lenger nord på Svalbard i høve det internasjonale geofysiske året, er det etablert ein nordisk stasjon i Murcisonfjorden på Nordaustlandet.

For å kome dit må dei gjennom det berykta Hinlopenstredet nordover. Det viser seg umulig. Isen er for kompakt. Dei snur, går i land på Bastianøya og laga seg ein gapahuk i fjøra. Der fyrer dei på eit stort bål som dei vaktar på skift gjennom natta.

Dei planla å ro sørover gjennom Heleysundet. Det vart roturar frå 15 til 29 timer. Mat var det lite av, dei skaut 2 reinsdyr og ein kobbe. Stuerten hadde berga med seg 2 kasse øl samt 50 kg kveitemjøl. Øl brukte han som hevingsmiddel når han baka brød.

Det vert 7. august 1958. 19 døgn har gått sidan «Forland» vart knust av isen. Før eller seinare vil dei nå polakkane i Hornsund, meiner dei. Ingenting tyde på at nokon har starta å leite etter dei.

Når forholda tillèt det, prøvar dei å seile. Men største tida må de ro. Vann-blemme og støle lem blir resultatet.

Den 9. august når dei fram til sør spissen av Svalbard der dei må søkje naudhamn og ta inn i ei hytte på grunn av sterk vind. Maskinisten, Olav Wilhelmsen, kikrar flittig ut glaset. Kanskje kan dei vere heldige å sjå andre fangstskuter eller fiskebåtar der.

Redninga er der ute, men ingenting tyder på at mannskapa er oppmerksame på det forliste mannskapet inne ved land.

Mennene tenner på nytt eit stort bål, men ishavsskodda hindrar sikta. Skipper Werner Wilhelmsen kjem til at dei skal ta seg ut til fiskebåtane sjølve. Dei pakka saman utstyret og ror ut frå land.

– Dersom dei går utan å oppdage oss, er det Bjørnøya neste, seier skipperen.

Lukka var at fiskebåtane heldt seg i ro. Mennene frå «Forland» legger til ved «Andholmen» frå Bø i Vesterålen.

Om bord held ein 15-åring ankervakt medan resten av mannskapet søv ut, utsletne etter fleire døgns fiske. Den unge vakta høyrer bråk langs skutesida, og får brått sjå nokre skitne og fele menn som tek seg om bord. Vakta spring straks ned i lugaren og let att dørene etter seg. Kanskje fordi han trudde det var «hinmannen» sjølv som har skreva over rekka, men kanskje også for å vekke dei andre.

– Vi har eit lite småbruk her inne, fleipa Bjørn Schwenke til den skremte ankervakta.

Det var gått 25 døgn sidan «Forland» forliste. No vert det avtala at Sysselsmannsbåten «Nordsyssel» skal hente karane og få dei til Longyearbyen.

Etterpå kom det fram at ein islos som var på oppdrag for Norsk Polarinstitutt, hadde forsøkt å få i gang ein leiteaksjon etter «Forland».

Etter foredraget vart det ei skikkeleg «torske-mølje» i museums-kafeen, der stuerten hadde laga fleire store gryter med fersk torsk med lever, rogn og kams. Heile 80 personar nytta tilbodet og fekk seg torskemiddag etter foredraget.