Jubelår for Ishavsmuseet

2012 vart ein stor suksess-sesong for Ishavsmuseet. I det første driftsåret utan museumskonsolidering kan museet vise til fleire nye rekordar. Omlag 10.000 menneske var innom dørene til museet i fjor, og dette er ei auke på 75 prosent i høve til 2011 sesongen, og det klart største besøkstalet for Ishavsmuseet nokon gong.

Dagleg leiar Webjørn Landmark jublar over dei gode besøkstala. Det er eit stort tal, og ein viktig milepæl å nå 10.000 besøk på eit år, seier han.

Formidling av historia som Ishavsmuseet syner fram er det viktigaste for oss på museet, og dette har vi lukkast stort med i 2012. Satsinga på foredragskveldar med ulike polare tema har også vore ein stor suksess, og vil halde fram med jamne mellomrom i 2013, lovar Webjørn Landmark.

Ein stor del av auka i 2012 kjem av fleire anløp av turistbussar. Det er svært gledeleg for oss at fleire reiseoperatørar vel å stoppe på Brandal, fortel Landmark. Tilgang til kai ved museet har også gjort det lettare for skyssbåtar å besøke museet med passasjerar frå cruisbåtane som anløper Ålesund.

Den store auka i besøkstal gav også nye omsetjingsrekordar, og museet kan vise til ei omsetjingsauke på 93 prosent i 2012.

Også dette er svært gledelege tal, seier Landmark, som også har stor tru på at 2013 skal verte eit nytt stort år for Ishavsmuseet.

Naturlegvis var jubileet til Aarvak 100 år med på å auke tala for 2012, men også i 2013 skal Ishavsmuseet presentere fleire nyhende med opning av tre nye utstillingar. Deriblant del to av utstillinga Ragnar Thorseth –Levd liv som har opning 1. mai.

Fornying er viktig for Ishavsmuseet, og siste åra har vi skifta ut og fornya mykje av utstillingane. Mykje nytt vil også skje på denne fronten både i 2013 og 2014.