Kjend eventyrar på museet i haust

Onsdag 19. oktober var dagen då Carl Emil Petersen heldt foredrag om ein tur til Vesterisen med nordlandsskuta «Svaløy» i 1976. Han viste lysbilete og fortalde frå turen. Det var mykje folk i salen; om lag 150 hadde møtt fram. Ikkje så mange under 40 år.

Det er ikkje sikkert at dei som hadde vore på ishavet sjølve, lærde så mykje nytt. Men for landkrabbar som meg var det interessant å lytte til Petersen som også er ein flink fotograf. Eg snakka med nokre veteranar etter foredraget. Og han fekk godkjent også av dei. Så det var ei underhaldande stund for alle.

Og det var tydeleg at Petersen hadde respekt for fangstfolka og fangstkulturen. Han peikte på at det var nødvendig å hauste av det som naturen baud på. Og han sette stor pris på folka han var i lag med om bord i den 92 fot lange og 92 tonn tunge «Svaløy» som vart driven framover av ein Wichmann på 450 hk.

Elles skreiv Carl Emil Petersen bok om turen med «Svaløy». Boka som er rikt illustrert, heiter «Folk og sel i Vesterisen» og kom ut på Cappelen i 1977.