Ledig stilling Ishavsmuseet

Ishavsmuseet søkjer etter seljar, fast i 50% stilling.
Vi leitar etter deg som synest det er tøft å spanande og jobbe med museum og reiseliv. Vi leitar etter deg som likar å stå på og jobbe sjølvstendig, og evnar å tenkje nytt og langsiktig.

Ishavsmuseet Aarvak blei stifta i 1981, og er i dag ei sjølveigande stifting med formål og vere eit dokumentasjons – og opplevingssenter for norsk selfangst og overvintringsfangst. Som spesialmuseum for selfangst og polarfangst har Ishavsmuseet i dag ei av dei største polare samlingane i Norden innan dette emnet. Ishavsmuseet har dei siste åra hatt ei sterkt aukande interesse og aukande aktivitet. Vi skal vere eit levande museum med aktivitet heile året, og for å nå våre ambisiøse vekstmål søkjer vi no etter fleire medarbeidarar som kan løfte aktiviteten og interessa vidare ut og opp.
Ishavsmuseet søkjer etter seljar, fast i 50% stilling.
Vi leitar etter deg som synest det er tøft å spanande og jobbe med museum og reiseliv. Vi leitar etter deg som likar å stå på og jobbe sjølvstendig, og evnar å tenkje nytt og langsiktig. Stillinga er fast i 50% med moglegheit til utviding. Vi legg opp til ein fleksibel arbeidssituasjon med stor grad av kontroll over eigen arbeidskvardag, med moglegheit for kontor på Ishavsmuseet i Brandal, Hareid kommune.
Arbeidsoppgåver:
Selje og marknadsføre Ishavsmuseet Aarvak.
Selje og marknadsføre turar med veteranskuta Polarstar
Vere bindeledd mot ulike reiselivsoperatørar og delta på møter og samlingar
Anna forfallande arbeid kan førekome

Kvalifikasjonar:
Erfaring frå reiseliv eller som seljar er ein fordel, men ikkje eit krav.
Du må disponere eigen bil, og søkar bør ha digital kompetanse og interesse for å jobbe med digitale media.

Søknad med CV, og spørsmål om stillinga, sendast Ishavsmuseet Aarvak på e-post til dagleg leiar Webjørn Landmark, webjorn@ishavsmuseet.no tlf 95 11 76 44, eller spørsmål om stillinga til styreleiar Eldar Hareide tlf 950 71 883
Søknadsfrist 15. januar 2023 med snarleg oppstart.