LEO HEIDRA KVINNENE UNDER  POLARKVELDEN PÅ ISHAVSMUSEET 8. MARS.

Atter ein gong kan Ishavsmuseet notere spengfullt hus i si formidlig av ekte polarhistorie. Med over 150 i salen vart dette ein ny suksess for museet.  Styrar Webjørn Landmark ynskte alle polarvenar velkomne, og gratulerte alle kvinnene i salen med dagen.

Kveldens foredraghaldar var den kjende skribent og foredraghaldar Leo Oterhals fra Aukra. Han trollbatt forsamlinga frå første stund.

Han starta foredraget sitt med å fortelje historier frå sine første besøk i Brandal i møter med dei gamle ishavsskipperane som for eks. Bernt Brandal. Også om sine møter med Henrik landmark. Oterhals lovde å heidre kvinnene bak alle desse polarheltane, som det høver seg på sjølvaste kvinnedagen. Og han starta med Bernt sitt svar då han eingong vart spurd om kven som var helten hans. «Jau, det var mor mi det», svara han Bernt som 15 år gamal reiste ilag med far sin på sin første ishavstur, og mora sto att på kaikanten med sitt ansvar for hus og heim. Det kunne ikkje alltid vere enkelt.

Oterhals kom også inn på store forlis, dramatikk i isen, om guten som kom heim med 60 kr i lott etter ein knallhard ishavstur for so å verte sendt  rett i Marinen og rett i krig. Han kom inn på Polarbjørn sitt forlis og ytterligare forlis med Herøyfjord og om dramatikken då Flemsøy så vidt rakk fram og fekk berga folket.

Vidare fekk oss høyre om gisseldrama i Tromsø og om oppbygginga av Jan Mayen stasjonen,  der Nordahl Grieg las dikt for det norske folk gjennom eteren frå den  nyoppretta stasjonen, og Runne Johan heldt mikrofonen for han. 

Leo kom då innom Runnje Karen som sat heime med ansvar og venta på nyhende. Ho kunne stå som verdig representant for dei som sat heime og gjorde ein voldsom innsats for hus og heim og bygd. Det var sterke kvinner! Det var som regel slik, dei mannlege polarheltane var snare å få fortalt om sine bragder, medan du høyrde lite om ho som sto bak og heldt familia i hop. Oterhals kom då naturleg innpå Roald Amundsen som hadde nære forbindingar til brandølingane.  Han var også ein som visste å utnytte kvinnene, med dei forviklingar det innebar å skulle balansere mellom tre kvinnfolk, ho Siggen i Norge, ho Kiss i London og ho Bess i Alaska. Oss fek høyre om alle feilgrepa Amundsen gjorde oppgjennom åra, mykje på grunn av sin hang etter kvinner, og korleis Fridtjof Nansen pressa han til å halde lovnaden om å erobre nordområda.

Amundsen fekk lånt seg båt, fekk fly og mannskap ombord  og seilte nordover. Og kven var det som sto og venta han der oppe på Svalbard, jau han Peter S Brandal!

Der kom dei heltane, Roald Amundsen, Riiser Larsen, Lincon Ellsworth og alle dei andre, og vart møtt av ein brandaling som ynskte dei hjerteleg velkomne til Brandal City! Der oppe hadde Peter S Brandal etablert koldrift i stor skala, det var noke anna enn å vere heime å spa torv i myrane og hogge ved i skogen bak løa i heimbygda, sa Leo.

Peter S. Brandal hadde etablert venskap med Amundsen, og no tilbydde han polarheltane å nytte villaen som Brandal hadde i Brandal City.

Og kven var det som trakterte og stelte alle desse heltane, jau det var ho Berta Nesset Aam, hushalderska til han Peter, ilag med ho Eldrid frå Mo i Rana. Ho Berta var eit fantastisk kvinnemenneske som så absolutt burde vere nemd som ei av dei aller viktigaste og strekaste polarkvinner.  Han fortalde levande om korleis ho kom springade med nistepakke  til alle desse berømtheitene då dei skulle legge avgarde til Nordpolen, «dokke kan då ikkje reise utan niste!» 

Vidare kom Oterhals innom Miss Boyd og hennar bravader og ekspedisjonar med skutene Hobby og Veslekari. Sjølv han Lisjenes-Pål let seg imponere av henne, ho var nok eit spennade kvinnfolk for desse ishavspionerane.  Han sa ein gong bl.a «her er mykje fine kurver her nord, og eg ser ikkje på fjella!»  

Oterhals kom også innom den svenske polarhelten Andree der det også er ei sterk historie om ei kvinne som sat heime og venta på sin kjære Nils som skulle kome heim. Det var ho Anna, som hengde gullsmykket sitt rundt halsen på sin Nils då han for, og som han Sevrin Skjelten fann att på Kvitøya då dei 30 år etter at Andree ekspedisjonen forsvann fann restane etter dei der oppe i isaudet. Dei fann og dagbøker som fortalde dramatikken og om lengten heim til sine kjære.  Om gullhjertet og om Salme 103 som so sterkt fortel om tru og kjærleik. « Desse kvinnene som eg no har fortalt om og heidra denne kvelden», avslutta Leo Oterhals sitt foredrag,  «hadde sitt hjerte av gull, og desse kvinnene skapte  himmelrike på jord for alle dei som høyrde dei til , og som visste kva det var som skulle til for å verje om heim og familie og folk»

Leo Oterhals fekk stor applaus frå forsamlinga, og styrar Webjørn Landmark overrekte han ei  bok som takk for eit flott foredrag. Sjeldan har ein time gått så fort her på museet, sa Webjørn og utalte at dette var ein verdig måte å heidre ishavskvinnene på.  

 Etterpå vart det servert herleg ishavskost, saltkjøt, flesk og ertersuppe. Nærare 80 porsjonar gjekk med !  Folk i alle aldrar vart sitjande å drøse og prate utover kvelden og for denne ref.er det ekstra spanande å sjå alle dei nye andleta som kjem til frå heile distriktet, ja heilt frå Nordfjord.  Det er tydleg at dette er formidling av polarhistorie på sitt aller beste!