Moderne båthus til ishavsskuta «Aarvak»

Løysinga for bygget som skal huse ishavsskuta «Aarvak» ved Ishavsmuseet på Brandal er klar. Eit moderne bygg i glas skal verne og samstundes skape interesse rundt den freda skuta.

 

 

Vi er svært nøgd med det endelege resultatet, seier styreleiar for Ishavsmuseet, Ottar Haakonsholm.
Saman med samarbeidspartnerane til prosjektet lanserte han planane til det nye bygget 7. september. Ei 12-13 meter høg bygning med ei grunnflate på 550 kvadratmeter som etter kvart skal huse ishavsskuta «Aarvak» frå Brandal. Den eine av to eksisterande ishavsskuter i Norge i dag.
– Tanken er at bygget skal ha ein vernande effekt, det skal fungere som eit slags lokk. Samstundes skal det vere eit objekt som skal vekke interesse, fortel sivilarkitekt Oddhild Fausa frå arkitektfirmaet Solheim og Søvik AS, som har vore ansvarleg for planane.
Moderne
I følgje firmaet har det vore viktig å lage eit moderne bygg som også skal fortelje noko om det som er innanfor veggane. Det har dei løyst ved å bruke store glasflater på deler av veggane, slik at det vert mogleg å sjå inn frå utsida. Mastene på skuta er i tillegg svært høge, løysinga er difor blitt å la dei gå gjennom taket. I tillegg er det også lagt inn ein pir mot sjøen på teikningane.
«Aarvak» er i dag i dårleg forfatning, og det gjenstår ein god del arbeid før den er ferdig restaurert. Det nye bygget er konstruert slik at dette arbeidet kan fortsette i dei nye lokala.
Fleire formål
– Dette er fyrst og fremst eit vernebygg, seier regionkonservator Ivar Gunnar Braaten, men han meiner også at det nye tilskotet til Ishavsmuseet kan brukast til utstillingar og andre formål.
– Det vil vere viktig å knytte formidlingselement til filmopptak og lyd. Vi vil få høve til å oppleve å vere i isen i langt større grad enn i dag, meiner han.
– Bygget vil gje Brandal og Ishavsmuseet ein langt større tyngde som attraksjon overfor besøkande enn i dag, meiner Haakonsholm.
Hausten neste år
Kostnadene for prosjektet er så langt berekna til å bli på rundt seks millioner kroner. Førebels er ikkje finansieringa klar, men i løpet av neste veke byrjar arbeidet med å stable på beina eit økonomisk grunnfundament til det fasjonable båthuset. Museet, som retter seg både mot private interessentar og det offentlege, har fått signaler frå Stortinget om at byggeplanane kan få støtte over statsbudsjettet.
– Prosjektet vil representere ishavsmiljøet i heile Sør-Norge, meiner Haakonsholm, som har ambisjonar om å setje i gang byggearbeidet i løpet av hausten neste år. Går alt som ein håper, skal bygget stå ferdig i byrjinga av 2006. Teikningane er allereie godkjende av både kommunen og fylkeskonservator.
Ishavsskuta «Aarvak» vart bygd i 1912, og kom til Brandal i 1916. Skuta hadde sin siste tur i 1981, og vart deretter kondemnert. Stiftinga Ishavsmuseet Aarvak fekk hand om skuta og fekk den verna.I 1998 vart båten sete på land på Brandal.