Nytt frå Ishavsmuseet

Digitalisering av film og foto.

Ishavsmuseet si store foto- og filmsamling er no lettare tilgjengelig for publikum. Omlag 1500 foto og noko av filmmateriellet ligg no og rullar utan stans på fem dataskjermar i utstillingane, og på storskjerm i konferanseromet. Her kan ein sette seg ned med kaffikoppen og sjå eldre ishavsfilmar. Dette er eit nytt tilbod til publikum denne sesongen.

Ishavsmuseet har meir enn 40 filmar og mange tusen bilete i samlingane. I vinter har det vorte arbeidd med og overføre filmane frå VHS-format til DVD. Dette vert gjerne kalla digitalisering. Det inneber at filmane vert meir tilgjengelege og meir brukte. Og det inneber ai sikring av filmane i den forstand at om VHS-kasetten skulle bli øydelagd, så har vi den både på DVD og på datamaskin.

Tidlegare var dette arbeid som laut setjast vekk til profesjonelle firma og betalast for. Ved hjelp av fri programvare og ei minimal investering i utstyr, gjer no Webjørn Landmark dette arbeidet sjølv.

Den eldste filmen i samlinga er frå 1924. Filmane viser selfangsten, fiske ved Grønland og aktivitetar på Svalbard.

Arbeidet med å skanne inn foto til Ishavsmuseet si etter kvart store, digitaliserte fotosamling går også sin gang.

Ishavsmuseet tek gjerne mot fleire foto og filmar, som gåve eller låns til kopiering,  slik at vi kan sikre materialet for ettertida.