Polarkveld 24. februar om kvinnenes polarhistorie

Kvinnenes polarhistorie

Det er kvinnene som står i fokus når Ishavsmuseet invitera til årets første Polarkveld 24. februar kl. 19.00, og det er Anka Ryall som skal fortelje oss om dei polare kvinnene.

Forskar Brit Hofseth ved rekka på Polarbjørn i 1939.

Anka Ryall kom med boka Polare kvinner i 2022. Boka bryt med det mannsdominerte perspektivet i norsk polarhistorie og rettar søkelyset mot dei som på grunn av sitt kjønn er kome i blindfeltet for den dominerande historia – nokre av dei mange kvinnene som deltok i polare aktivitetar utover på 1900-talet. Polarhistoria vert annleis når vi ser den frå eit kjønnsperspektiv. Men kven var dei polare kvinnene? Kva betydning hadde dei? Korleis og på kva måte har minnet om dei blitt nedfelt i historia?

Det lengste kapittelet i Polare kvinner handlar om den unge geologen Brit Hofseth som døde i 1941, berre 24 år gamal. Ho var den einaste kvinnelege forskar på en ekspedisjon med Polarbjørn av Brandal til Nordaust-Grønland i 1939. Denne ekspedisjonen og Brit Hofseths rolle er tema for en opplysande artikkel av Magnus Sefland i Isflaket 2/2022. Samtidig kan dei sterkt motstridande historiene om henne, i tillegg til hennar eigen beretning om ekspedisjonen, brukast for å belyse nokre av dei dilemma polare kvinner opplevde på midten av førre århundre.

Anka Ryall er professor ved UiT Norges arktiske universitet. Boka Polare kvinner inneheld portrett av 17 polare kvinner, og det er mogleg å kjøpe boka under polarkvelden.

I kjend stil vert det også middagsservering etter foredraget for dei som ynskjer dette, og denne gang står det klippfisk med godt tilbehøyr på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for matservering.

Billett foredrag og mat kr. 350,- kan du bestille her:

kun foredrag kr. 150,-