Polarkveld med Tormod Jensen på Ishavsmuseet 21. februar.

Ishavsskuta Forlands forlis og berging ved Svalbard i 1958. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet. Høyr historia frå ein av dei som var om bord!

 

Ishavsveteran og maskinist Tormod Jensen frå Kvaløya ved Tromsø var fangstmann på M/K Forland i 1958. Tormod Jensen har 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst.

Fredag 21. februar gjestar han Ishavsmuseet på Brandal med foredrag.

Første året han var på sommarfangst ved Svalbard var som 15 åring, i 1957. Året etter, i 1958, reiste han med MK «Forland» av Tromsø. MK «Forland» vart bygd i 1938 og var 63,5 fot.

Turen starta frå Tromsø 26. juni, med stopp i Tromvik før kursen vart sett til Storfjorden vest for Tusenøyane på Svalbard.

Det var 7 mann i mannskapet denne turen. Dei vart møtte av mykje is i området som gjorde fangsten vanskelig. Etter som isen slakka opp, vart det fangst på storkobbe og isbjørn. Ei binne vart skota og 2 levande isbjørnungar vart tatt om bord og sett i bur på dekk. Til saman då dei forliste hadde dei 15 sekkar med dun, 27 isbjørnskinn, og 180 stk. storkobbe. Etter kvart som isen slakna, gjekk MK «Forland» gjennom Heleysundet, eller Orm-hòlet som fangstfolk kalla det. Om morgonen den 19. juli kjem eit stort isfjell drivande og treff MK «Forland». Foten av isfjellet hadde gått inn i maskinromet og det var totalhavari på fartøyet. Det var ikkje tid å sende ut naudsignal, og fartøyet vart forlate.

 Ein strabasiøs tur over landisen starta, der livbåten vartdregen over isen i 17 timer. Her låg ei hytte som Tormod var kjent med frå året før. Dei låg i den hytta i 11 døgn før dei prøvde å gå nordover i Hindlopenstredet. Dei viste at det låg ein forskingsstasjon her. På grunn av is- forholda måtte dei snu tilbake til hytta. Dei planla å ro sørover gjennom Heleysundet. Det vart roturar frå 15 til 29 timer. Mat var det lite av, dei skaut 2 reinsdyr og ein kobbe. Stuerten hadde berga med seg 2 kasse øl samt 50 kg kveitemjøl. Øl brukte han som hevingsmiddel når han baka brød.

 Korleis det gjekk etter at dei kom til Sørkapp kan du få vite meir om på polarkvelden ved Ishavsmuseet 21. februar.

Etter foredraget vert det som vanleg middagsservering, og denne fredagen byd museet inn til ei skikkeleg «torske-mølje». Denne fredagen er det nemleg fersk torsk med kams, rogn, lever m.m som står på menyen.

Påmelding til Ishavsmuseet tlf 70092004 mail webjorn@ishavsmuseet.no for dei som ynskjer middag.