Polarkveld om Miss Louise Arner Boyd

Fredag 20. april er det duka for ny polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gang er temaet millionøsa Miss Louise Arner Boyd og ishavsskuta «Veslekari» som står i fokus.

Miss Boyd var i frå San Rafael i California og arva ei stor formue etter foreldra som var med på det store gullrushet i California frå midten av 1800 talet. Denne formua var det som gjorde det mogleg for Miss Boyd og utruste sju ekspedisjonar til arktiske strok. Det var Vartdal-skuta «Veslekari» som vart Miss Boyd sin store kjærleik, og denne skuta nytta ho i 1931, 1933, 1937 og 1938. Brit Aarseth har lagt ned eit stort arbeid for å samle historia om Miss Boyd, og Brit vil halde foredrag for oss på Ishavsmuseet denne kvelden. Som vanleg vert polarkvelden avslutta med middagsservering, og denne gangen er det igjen selkjøtgryte som står på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for servering.