Polarkveld på Ishavsmuseet 16. oktober: Revejegerane på Jan Mayen

Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre. Onsdag 16. oktober kl. 19.00 er det igjen klart for polarkveld ved Ishavsmuseet. Tradisjon tru er denne kvelden fast onsdagen kvart år i Hareidsstemna. I år er tema for denne populære polarkvelden henta frå ishavsøya Jan Mayen.

Året er 1926. 11 mann er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Jan Mayen, vulkanøya i ishavet, er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine røme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.

Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.
Det var selskapet Polarfront Companys med dei tre Ulsteiningane Nils Garnes, Andreas Haakonsholm og Karl Brevik som skulle drive revefangst på ishavsøya denne vinteren. I tillegg hadde dei med seg amerikanaren Henry Joesting. Selskapet vart stifta av nordmennene Hagbart Ekerold og Per Løvfald i Kanada, for å drive revefangst i Arktis. Dette skulle verte einaste ekspedisjonen selskapet utrusta.

Alle kom på skuta «Polarfront» med Oluf Saunes frå Ulsteinvik som skipper og tre andre frå same bygda som mannskap.

Utanom dette laget var det to andre «lag»: Meteorologane og ei tre karar som kom utan at nokon visste om dei. Den eine av dei tre, August Hansen, vart forøvrig med dei som reiste til Grønland året etter.

Den erfarne journalisten og forfattaren Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Ole M. Ellefsen har mellom anna skrive fleire bøker med maritime tema. Ved hjelp av dagboknotat og historiske undersøkingar har han no skrive boka Revejegerane på Jan Mayen. No kjem han til Ishavsmuseet for å gi oss eit innblikk i korleis den vanskelege kvardagen fortona seg for desse uheldige mennene gjennom vintermørkret. Ellefsen er i dag direktør ved Aalesunds Museum.

Polarkvelden på Ishavsmuseet denne dagen vert såleis også ei boklansering av denne spanande soga frå Jan Mayen, med lokal interesse. Det vert høve til å sikre seg boka etter foredraget. Forutan foredrag av Ole M. Ellefsen vert det også musikalske innslag ved Leiv Arne Nydal, Ingfrid Grimstad og Ronald Øvrelid. Alle dyktige lokale musikarar som skulle vere kjende for dei fleste. Og i kjent stil vert det også ei pratepause med servering av sterk kaffi på ekte ishavsvis, og kaker.