Polarkveld på Ishavsmuseet 26. september kl. 19.00 Bjørn Fredriksen med film frå Jan Mayen på Ishavsmuseet

Da jeg ankom Hvalrossbukta i Juni 1968, lurte jeg virkelig på hva jeg hadde gitt meg ut på.

Ett års kontrakt i denne ødemarka!?

Men etter kort tid endret dette synet seg totalt. Jan Mayens natur er vill og utilnærmelig. Svarte, skarpe lavaformasjoner stiger mot himmelen. Ikke en busk eller et tre som kan gi ly. Et tynt moselag gir et grønnlig skjær til de åsene der mosen har klart å klore seg fast. Om vinteren prøver stormene med alle midler å blåse alle «inntrengere» til havs. Men de dagene da skyene ikke ligger i bakkehøyde, eller tåka er tykk som suppe, eller snøfokket hindrer en å se fingrene på en utstrakt arm, da er det ubeskrivelig.

Å se Beerenberg strekke sitt mektige vulkankrater til 2277 m høgde, mens sola reflekterer lyset fra snøhvite breer, det kan ikke beskrives. Det må oppleves.

Det er Bjørn Fredriksen sine ord om Jan Mayen.

Bjørn Fredriksen er leiar i Ishavsforeningen Jan Mayen. Han var på Jan Mayen i 13 månader i tida 1968 – 1969 som teknikar på Loran C stasjonen.

I løpet av desse månadane tok han fleire tusen meter super 8mm film samt ei masse foto.

I 2003 starta han arbeidet med å digitalisere filmane sine. Då kom ideen om å prøve å lage ein historisk dokumentar frå JM.

No, etter vel 11 år, viste det seg at det var mogleg. Over 70 bidragsytarar har lånt ut fotos, film og video frå øya. Dette er private og offentlege institusjonar og museum, veteranar frå JM og familiar til dei som har gått bort.

 I vel 2 år satt Fredriksen saman med folk frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, og skjøtte saman filmbitane. Den siste filmrullen vart digitalisert i mars i fjor. Han har no laga ein komplett filmdokumentasjon av bygginga av stasjonen frå første spadetak i 1958. Dette inkluderer produksjon av stasjonsmodular hjå Widerøe på Høland og lasting av «Polarbjørn» i Sandvika utanfor Oslo. Lasting av «Polarhav» i Bodø. Overfart til Jan Mayen og lossing i Båtvika.

Dessutan har han med seg korte opptak frå vêrvarslinga si etablering i 1921, via krigsåra og fram til 1958 da LORAN vart etablert.

Fredriksen var god kjenning med Bjarne Brandal, grunnleggar av Ishavsmuseets Venneforeining, og fekk gjennom han mange gode historier om Brandal og Ishavsmuseet. Fredriksen fortel at han i ei årrekkje har hatt lyst å vitje museet på Brandal og gler seg stort til å kome der å vise sine unike historiske filmar.

Etter svært mange førespurnadar består menyen i kafeen etter foredraget denne gongen igjen av saltkjøt, flesk og ertersuppe. Ishavets festbord med andre ord.

Påmelding til museet for middag.