Polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak.

Magnar Aklestad – Med Polarbjørn til Sydpolen.

Fredag 28. september kl. 19.00 Middag etter foredraget. Påmelding til museet ved middag

Jubileumsåret til Ishavsmuseet held fram, med mange spennande arrangement utover hausten. No har vi feira jubilanten sjølv, ishavsskuta Aarvak med sine 100 år, og hatt storslått festmiddag for tidlegare mannskap. Mykje program skal det også vere framover, og det neste som står på plakaten er polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak 28. September kl 19. Då kjem Magnar Aklestad for å halde foredrag om Polarbjørn sine ekspedisjons-turar til Sydpolen.

Etter foredraget vil det bli middagsservering i første etasje, så det er berre å sette av kvelden.

Magnar Aklestad vert ofte omtala som ein av storskipperane. Magnar har hatt ei lang og allsidig karriere som sjømann, med stor innsats i fjerntliggande og vanskelege farvatn. I dag kan han reknast som ein av dei ishavsskipperane som har hatt flest turar til Sydpolen, og må kunne reknast som nestor blant ishavsskipperane med erfaring frå Antarktis.

Han starta som matros, og endte til slutt opp som skipper. Då han var 17 år starta karrieren som ishavsmann, då fekk han vere med Jopeter på selfangst til Newfoundland. Jopeter var på den tida største fangstskuta på Sunnmøre, og etter denne turen var kursen for Magnar sitt yrkesliv som sjømann satt. Jopeter vart seinare til Polarbjørn, og Magnar gjekk om bord som matros på nyåret i 1958, og stod i teneste der til 1961.

I sommarsesongane 1958-1960 var Polarbjørn for første gong på to ekspedisjonsturar til Norway Station i Antarktis. Slike ekspedisjonsturar gjekk ikkje alltid like bra, det var mange farer som lurte når ein reiste til det sørlege isødet.

Cape Town vart brukt som passeringspunkt på ekspedisjonane, før turen gjekk sørover. På ein tur i 1959 opplevde Magnar og resten av mannskapet stor sjø nokre timar sør for Cape Town, og stuerten fall over bord. Dette resulterte i leiteaksjon midt på natta, uten resultat. Stuerten forsvann. Seinare på same tur omkom også ein av styrmennene under ein eksplosjon, og den omkomne måtte gravleggast ved senking i havet.

Slike historier er ikkje eineståande for denne turen, og det var mykje spenning og dramatikk knytt til slike ekspedisjonsturar. I 1961 starta Magnar med utanriksfart, då han mønstra av Polarbjørn.

Etter nokre år med utanriksfart og skulegong, vart Magnar skipper. Han var skipper om bord fleire skuter, men det var om bord Polarsirkel han vende attende til Antarktis. På 70-talet gjennomførte han fleire ekspedisjonar til Sydpolen, i både norsk og utanlandsk regi. Han har også segla i Karibia, Middelhavet, på Mississippi, langs Afrikakysten, og kryssa Stillehavet. Han har opplevd brann, eksplosjon, dødsfall, og påfølgande gravlegging i sjøen på nært hald. At Magnar Aklestad er ein globetrottar og storskipper, det er det ingen tvil om.

Så ta turen til Ishavsmuseet fredag 28. september, og få med deg den utrulege historia om Sydpolekspedisjonane, fortalt av storskipperen sjølv.