Populær polarkveld på Ishavsmuseet 31. januar.

Trygve Brandal trekte nær fullt hus då han kom heim til sine eigne i ishavsbygda 31. januar. Med seg hadde han føredraget «Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1800-1900.»

Trygve kalla seg sjølv for ein bortblesen brandøling, oppvaksen i ishavsbygda, no busett i Hjelmeland i Ryfylke, og arbeider som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Trygve opna ei lang rekke polarkveldar som kjem dette året.

For meir enn 30 år sidan studerte han historie i Bergen. Han skreiv då hovudoppgåva «Frå fjørestein til fjerne farvatn». Det var denne som var utgangspunktet for føredraget på Ishavsmuseet denne fredagen.

125 personar hadde løyst billett for å høyre Brandal fortelje om skøytetida i Hareid og Ulstein.

Brandal tok føre seg ei periode på om lag 40 år der utviklinga blant fiskarane i Hareid og Ulstein var stor. Det var skøytetida. Overgangen frå Sunnmørsåttringen til større og dekka fartøy.

I 1880 var det 79 båtar i Hareid og Ulstein. 21 frå Hareid og 58 frå Ulstein. 20 år seinare var dette noko endra. No var det 27 i Hareid, 13 i Brandal og berre 7 i Ulstein.

Trygve fortalde vidare at fiskarane frå Hareid og Ulstein på ingen måte var fattige. Dei gjekk gjerne i saman og investerte. Samstundes som at dei var fiskarar, var dei også eigarar av båtane sine.

Sunnmøre var i ei særstilling og hadde ein svært moderne fiskeflåte. Likevel var forlisa mange og dramatiske. Eit av dei Trygve fortalde om var skøyta «Perlen» frå Brandal som gjekk ned med 9 mann i 1887. Den forliste alt på jomfruturen. Berre tre av mannskapet vart seinare funne att.

Etter foredraget var det lang kø fram for middagsbuffeen. Over 70 av dei frammøtte sikra seg klippfisk med alt av tilbehør som avslutning på ein fin kveld på Ishavsmuseet.