Sel, sild & supe

Sesongavslutning på Ishavsmuseet komande søndag 30. oktober kl. 13-17.

Ishavsmuseet avsluttar ein god sesong, som har hatt høg aktivitet og godt besøk, med sel, sild & supe komande søndag.

Sel, sild & supe var kvardagskost for 100 år sidan på våre kantar. Selfangst og sildefiske var dei viktigaste næringane i fleire ti-år etter 1900. Men selfangst har det nok vore langs kysten vår så lenge det har budd folk her.

På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. Dette kom av at nye handelsinteresser gav betre vilkår for norsk sildefiske enn f.eks i mellomalderen. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gjekk 1700 talet ut med tomme sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca. 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine fartøy og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet. Desse fiskarane kom frå Bergen, Brandal, Bømlo, Espevær, Hareid, Haugesund, Stavanger, Ulsteinvik, Vartdal, Vedavågen, Åkrehamn og Ålesund.

Under første verdskrig var det nesten heilt slutt på sildefiske igjen, men i 1919 tok sildefisket atter fart.

Vi skal ikkje gå så langt tilbake i tid før silda var svært vanleg i kvardagen. Der var sild til fleire måltid om dagen. I Trøndelag klokka kl. 10 stod det første kokte måltidet på bordet med Spekesild, kokte ureinska poteter, og supe. I Møre og Romsdal var det om morgonen kokte poteter og sild med flatbrød til, middagen var poteter og spekesild.

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hushalding. Sild vert i dag brukt som festmat til både store og små.

Velkomne til buffet med rettar av selkjøt og sild på Ishavsmuseet søndag.