Tønna frå «Polaris» koma til Ishavsmuseet

«Polaris» var den første stål selfangar bygd i Norge, på A.M Liaaen i 1950-51. No er maste topp med tønne koma til Brandal og reist ved sidan av Ishavsmuseet.

«Polarboy» ex «Geo Boy» ex «Aurora» ex «Polaris V» ex «Polaris» (II) vart hausten 2004 opphøgd i Fredrikshavn, Danmark. «Polarboy» har dei siste par åra lagt stille på Skjervøy i Troms etter hard medfart på selfangst i 2002. «Polaris» var den første stålselfangar bygd i Norge på A.M. Liaaen i 1950-51. «Polaris» var også den første som då hadde innebygd og oppvarma tønne, og skuta kunne manøvrerast i frå tønna. Sjølv om skuta har hatt mange ombyggingar og namneskifte, er tønna framleis slik den var originalt. Det vil såleis vere ein unik gjenstand som no er komen tilbake til Brandal og Ishavsmuseet. «Polaris» var tilhøyrande i Brandal til 1972 då Rieber overtok skuta. I 1978 vart den overført til Rieber avd. Canada (Polaris V). I 1986 kjøper Monica Kristensen skuta og den skiftar namn til «Aurora» I 1986/87 var den på sørpolekspedisjon og i 1989/90 på Antarktisekspedisjon. I 1992 vert Eidesvik Supply AS eigar av skuta som no får namnet «Geo Boy». I 2000 blir «Geo Boy» til «Polarboy» og den er igjen klar for selfangst.
20. juli 2004 la «Polarboy», den stolte skute, ut på si siste reis til Danmark for opphogging.