Velkomen til årets første POLARKVELD!

Onsdag 25. januar kl. 19.00. Direktør ved Frammuseet, Geir Kløver, opnar eit rikt museums år i Brandal. Ishavsmuseet vil gjennom heile 2012 ha stort fokus på formidling av polarhistorie, og legg opp til mange spanande arrangement utover året.

Første foredragsholdar onsdag 25. januar vert altså Geir Kløver som er direktør ved Frammuseet i Oslo. Kløver er ekspert på Nansen/Amundsen og dei store polarferder. Han har hatt eit svært så travelt år i høve jubileet i 2011, og reist \»verda rundt\» med foredrag og arrangement. 17. januar var Kløver ved polarinstituttet på ærverdige Cambridge University, eit institutt som er kalla opp etter Robert F. Scott, og markerte 100-årsdagen for at Scott nådde Sydpolen.

Kløver er ein svært ettertrakta og dyktig foredragshaldar. Onsdag kveld gjestar han Ishavsmuseet med foredraget: Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen gjennom mannskapets dagbøker. Foredraget omhandlar Roald Amundsens sydpolekspedisjon, krydra med Amundsens eigne foredrags bilde, samt mannskapets private dagbøker og fotoalbum.

Sydpoldagbøkene: 20. mai 2011 lanserte Frammuseet dei private dagbøkene frå dei 15 av mannskapet på Fram. Foredraget omhandlar både prosessen med og tilgjengleggjere dette materialet, og innhaldet i dei.

Nordpolekspedisjon blir sydpolekspedisjon.

Amundsen begynte opprustninga til ein ekspedisjon til Nordpolen, men då både Fredrick A. Cook og Robert E. Peary hevdar å ha nått denne i henholdsvis 1908 og 1909, valte Amundsen i all hemmelegheit å legge om sine planar, og ferda gjekk sørover til Antarktis i kappløp med Scott mot sydpolen. Amundsen nådde sydpolen den 14. desember 1911, 5 veker før Scott, som omkom på returen. Amundsens styrke var grundig planlegging, svært gode forberedelsar og val av utstyr. Han var eigentleg ein uformell leiar, men føretrakk å bli kalla \»sjefen\», fortel direktør Geir Kløver ved Frammuseet.

Dagbøkene frå sydpolen.

Heilt frå Amundsens sydpolekspedisjon blei feira over heile verda i 1911, blei ekspedisjonens kjeldemateriell streng kontrolert av Amundsen sjølv. Dagbøker, fotografier, dokumenter og optegnelsar kunne ikkje offentleggjerast. Og slik har det vore heilt til Frammuseet i samarbeid med Nasjonalbiblioteket hanskriftsamling no gir ut åtte bind og 2400 sider med reinskrivne dagbøker frå tilsaman 14 av dei 19 medlemmene av Frams mannskap.

-No er alt som finnes av dagbøker frå sydpolekspedisjonen, både i offentleg og privat eige gitt ut, seier direktør Geir Kløver ved Frammuseet. Kløver seier at prosjektet med å tyde og reinskrive har på gått i seks år.