Vellukka polarkveld på Ishavsmuseet

Onsdag 25. januar var omlag 70 frammøtte samla på undervisningssalen ved Ishavsmuseet i anledning årets første polarkveld, og det som i følgje styreleiaren i museet, Willy Nesset, startskotet på eit aktivt år ved museet.

Året vart starta med direktør ved Frammuseet, Geir O. Kløver, som hadde teke turen til ishavsbygda for å halde foredrag om Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen.

Gjennom seks år har Frammuseet arbeidd med innsamling av materiale og dagbøker frå mannskapet på Fram.

Heilt frå Roald Amundsen sin sydpolekspedisjon blei feira i 1911, vart ekspedisjonen sitt kjeldemateriale strengt kontrolert av Amundsen sjølv. Dagbøker, fotografi, dokumenter og opptegnelsar kunne ikkje offentleggjerast. Og slik har det vore heilt fram til Frammuseet i samarbeid med Nasjonalbibliotekets håndskriftsamling no gjev ut åtte bind og 2400 sider med reinskrevne dagbøker frå til saman 15 av dei 19 medlemane av mannskapet på Fram.

Gjennom eit foredrag på omlag halvannan time fekk dei frammøtte servert ei detaljrik forteljing om forberedelsane, gjennomføringa og etterspelet av denne nasjonalhistoriske ekspedisjonen. Ein fekk også sjå mange unike bilde gjennom foredraget som knapt har vore viste før.

Forteljarevnene og den store kunnskapen til Kløver trollband publikum. Ein kunne høyre ei knappenål falle.

Etter applausen hadde lagt seg og Nesset bønnhørlig takka foredragshaldaren, fekk publikum enda ein godbit.

Slutten av foredraget kunngjorde ein samarbeidsavtale mellom Frammuseet og Ishavsmuseet. Kløver kunne fortelje at dei er i same båt, og ein derfor må samarbeide innanfor nisja polarhistorie, mellom anna innanfor kunnskap. Dette samarbeidet ser ein fram til kan utvikle seg til å gjelde alle norske museum i same nisje.

Kløver sa elles at han ser med skepsis på alle museums konsolideringar der det meste handla om byråkrati. Han var glad for at Frammuseet og Ishavsmuseet kunne inngå ein slik samarbeidsavtale på tvers av slike statlege konsolideringar.

Nesset kunne også fortelje at gjennom Karlsen rederiet sine kontakter hadde Ishavsmuseet utvikla god kontakt med to viktige museum i Lunenburg og Halifax, Canada. Detter vil truleg også ende opp i ein samarbeidsavtale.

Ishavsmuseets Venneforeining