Ole Michael Ellefsen: Revejegerane på Jan Mayen

Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre.

Året er 1926. 11 mann er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Jan Mayen, vulkanøya i ishavet, er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine røme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.

Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.

Det var selskapet Polarfront Companys med dei tre Ulsteiningane Nils Garnes, Andreas Haakonsholm og Karl Brevik som skulle drive revefangst på ishavsøya denne vinteren. I tillegg hadde dei med seg amerikanaren Henry Joesting. Selskapet vart stifta av nordmennene Hagbart Ekerold og Per Løvfald i Canada, for å drive revefangst i Arktis. Dette skulle verte einaste ekspedisjonen selskapet utrusta.

Alle kom på skuta «Polarfront» med Oluf Saunes frå Ulsteinvik som skipper og tre andre frå same bygda som mannskap.

Utanom dette laget var det to andre «lag»: Meteorologane og ei tre karar som kom utan at nokon visste om dei. Den eine av dei tre, August Hansen, vart forøvrig med dei som reiste til Grønland året etter.