7de Juni

Andre namn"Erik Røde" 1913
Eigar1905 Bernhard Martinus Olsen, Brevik
1906 Severin Theodor Sverre, Kristiania
1913 Styrelsen af kolonierne i Grønland, København
Fartytypeskøyte
HeimehamnOslo
ByggeverftBrevik
Byggeår1905
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,7 fot
Mål i breidde, byggeår18,5 fot
Mål i djupne, byggeår7,7 fot
Tonnasje39 brt
Maskin, orginalt1907 Kampen 16 hk
Maskin, ny1913 16 hk Alpha (som tidlegare hadde stått i "Elf"
SkipperarJørgen Eksund (1907)
Vebjørn Landmark (1908-1910)
Utfyllande opplysningar

7de Juni-ekspedisjonen» (frå Isflaket nr 3-2010)

Ludvig Holstad i samtale med Vebjørn Landmark (1879-1959)

Ein av di første dagane i juni 1909 stakk ei lita seglskute ut frå Ålesund med 6 mann ombord og stemnde til havs. Ho heitte «7de Juni» og skipper var Vebjørn Landmark frå Brandal. Dei hadde både segl og motor til drivkraft. Målet var Aust-Grønland. Der skulle dei drive jakt og fangst, og ligge vinteren over til neste år.

Dette var andre overvintringsekspedisjonen frå Brandal og Sunnmøre. Første ekspedisjonen var seglskuta «Floren», skipper Sevrin Liavåg, som hadde reist året før. Men dei var ikkje attkomne enno, og ingen hadde høyrt frå dei. Vebjørn Landmark var eldste sonen til lensmannen i Ulstein, Bertel Landmark og fru Kristine Landmark, fødd Svendsen.

Eg sit ein dag i påska i det gamle embetsmannshuset på Neset og får vite eit og anna. -Mektige 70 år gamle asketre står vakt rundt ein gamal slektsgard. Eg har ein ishavsveteran framføre meg. Den dagen han siglde ut moljegapet, med Aust-Grønland som mål, var han 30 år gamal. – Om de på førehand hadde hørt noko frå «Floren» ekspedisjonen, ville de då reist likevel? – Eg veit ikkje, men eg trur det. Vi hadde lyst og prøve lukka. Litt var det vel fortjenesta vi tenkte på, men mest var det vel eventyret som lokka.

Og reiaren skuva etter? Ja, det var S.Th. Sverre i Oslo. Han var med på det, og rusta ut til turen. Vi fekk fin oversegling og bortkomne leita vi og såg oss rundt beste vinterlægjet. Og då fann vi «Florenkarane» og fekk råd og rettleiing av dei. Vi la skuta frå oss i germaniahamn og gjekk laus på hyttebygging på to stadar, ei litt stor på Claveringsøya, og der var det vi heldt oss mest, og ei mindre på Sabineøya. Og så tok fangsten til. Vi hadde gode sakser som vi tok reven med, og bjørn og moskus skaut vi. Men reven som skulle vere viktigaste viltet, vart det så alt for lite av. Det meste vart 2-3 for dag, og ofte ikkje det heller. Det var langt mellom fangstplassane, men oftast så laga vi det slik at vi nådde heim kvar kveld. -Korleis var veret, og korleis er landet og klimaet der borte?

-Landet er umåteleg kaldt og berrsnevt. I november fekk vi fæle stormar. Då reiv han skuta laus, så ho rak opp i fjørå. Fjorden fraus til, og vi måtte sage råk langt ut til isfri sjø. Vi fekk henne ut og fortøya på nytt. Men då var heile kjølen riven laus. Arebidet med skuta var ein hard tørn, for vi var berre tre mann. Dei andre tre låg på Claveringsøya, 8 mil lenger sør. Avstandane var store. Når vi gjekk mellom desse hyttene, overnatta vi i ei hytte som Sevrin Liavåg hadde bygt året før. Ho låg pålag midt i mellom.

 Vi trefte vist eit umåteleg stormfullt år. Når det var på det verste, og gale var det javnt, så måtte vi ha noke fast og halde oss til når vi gjekk ute, ellers vart vi hivde rotlause. Nokre Danskar som overvintra eit stykke i frå oss fortalde at dei ikkje kunne gå ute i terrenget utan og gå etter ei line eller eit tog, ellers var det uråd og finne attende i rennefoket.

-Og kulden? – Ja, det var slik at når vinteren kom, så vart målaren vår for kort. Kvikksølvet for ned i kula og vart verande der til våren kom. Men Danskane hadde målt ned i 40 minus grader. Eit hardt land. Ikkje ei buske og sjå, med dvergbjørk og dvergselje streid for livet, og smørblomsten om sommaren var like stor som i Brandal. Og lyngen likeeins.

-Og korleis feira de jula? -Då var vi ombord i skuta som låg i Germaniahamn, og der hadde vi det godt, og vi prøvde og gjere det så heimleg som råd.

-var det tungt og kome gjennom vinteren?

-Å nei, det gjekk bra. Mørk og lang var han. Men vi hadde parafinlampar, og vi hadde ein del bøker med oss. Og så hadde vi nok å gjere med å stelle fangsten og halde all reiskapen i stand. Vi var alle i godt humør.

-Og helsa var god?

-Nei, diverre, vi vart mykje plaga med sjukdom. To av karane fekk skjørbuk. Det var umogleg og få tak i poteter når vi for heimanfrå. Vi hadde berre noke turka poteter med oss, og mest ikkje grønnsaker. Og så kom skjørbuken. Om vi hadde aldri så mykje kjøt av hare og moskus og likeeins nøgda av brødmat og hermetikk, så vanta det likevel viktige vitaminer. Mange år seinare låg det nokre mann og passa vervarslingstasjonen i Myggbukta. Dei fekk også gjesting av skjørbuken.

Dei telegraferte til Tromsø og fekk den råda å plukke lyng og koke den og drikke loga(teen).

Det hjelpte, men det kjende ikkje vi til den gongen.

Og så miste vi ein mann. Men ikkje av dei som hadde skjørbuk. Han hadde det i magen. Veit ikkje kva det var. Vi prøvde alle dei råder oss kunne utan at det hjelpte. Han døydde i frå oss, og vi gravla han der eit stykke frå hytta vår i Germaniahavn. Ein 20 års gut, Henning Ytrevik frå Skodje. Dette var i april. Vi sto der tre mann rundt grava, dei andre to låg sjuke inne i hytta. Eit lite trekors vart spikra i hop og satt ned i grushaugen.

Så kom sommaren endelig og isen braut opp. Då drog vi skuta opp i fjørå og dreiv henne i akterenden. Ho lak mykje etter uferda om hausten. Eit hardt slit, for vi var så vanhjelpte. 2 mann låg sjuke og ein mann måtte passe dei. Dermed så var vi berre to mann i arbeid.

-Hadde de vitjing av bjørn?

-Nei, han heldt seg ute på isen, og der var det vi skaut han.

-Kva vart så utbytte for heile turen?

-Det vart kring 100 rev i alt, 60 kvit og 40 blå, 5 bjørnar og 2 kvalrosser. Noko moskusar skaut vi også, underbalansen var stor.

Og så var det og bryte opp og kome på heimtur. Der låg nokre danskar på Shannonøya, dei hadde mista skuta si og bad oss om hjelp. Vi hadde mykje strev med å nå i dei, og braut rorstilken på den ferda, men vi fekk dei ombord til slutt. 5 mann. På veg ut i fritt hav benda vi propell-akslingen, så det var berre segla og lite på heimatt. Det var god bør, og ein av første dagane i august 1910 kryssa skuta vår inn Breidsundet.

-Vi såg henne frå Brandal, skyt kona inn i samtalen. Dei kom bautande inn mot byen. -Der kjem «7de Juni», ropte ungane. Jubel i heimbygda!

Skuta måtte på slipp. Då synte det seg at dei hadde sigla heim utan kjøl. Dei to som låg i køyane vart køyrde på sjukehus. Ferda var til ende. Men oppe i Germaniahamn stod att ein einsleg kross på ein gravhaug. Eit merkje over Sunnmørsk pionerånd og granskarhug.

-Kva fekk de for berginga av Danskane?

Det liknar ein liten smil i andlete hans.

-Å de var so i minste laget. Rederiet prøvd og få noko erstatning, men Danskane sto på at det var dei som hadde hjelpt oss. To av oss fekk kvar sine 100,- kroner og eg fekk ein medalje.

Vebjørn Landmark har drive ishavet i 25 år.

I 1921 måtte han take over postkontoret etter mor si. Posten har høyrt Landmarkfamilien til i lange tider. Men sidan han slutta med selfangsten har han vore med 2 ekspedisjonar til Grønland. Vitskapsmenn på gransking, utrusta for Norsk Polarinstitutt. Vebjørn er langt opp i åra komen no, snart fyller han 80-talet. Han har følgt utviklinga i fangst og fiskeri frå segl til motor og damp, og no attende til motor på nytt.

Utanriks segla han i 3 år, men så masa han «Hau-Peter» at han skulle kome ombord til han, og slik vart han verande der, ein isens mann.

 

«7de Juni»-ekspedisjonen 1909-10

«7de Juni»-ekspedisjonen var den andre ekspedisjonen som skulle prøve seg med overvintringsfangst på Nordaust-Grønland. Den første var «Floren»-ekspedisjonen året før. Men alt i 1905 vart det gjort forsøk på slik ekspedisjon med skøyta «Idræt», men denne forliste i isen på veg inn til Grønland.

Nordaust-Grønland var ikkje mykje ulikt Svalbard der norske fangstfolk hadde overvintra sidan 1893. Slik sett var ikkje det folka om bord i «Floren»  og «7de juni» gjorde noko avgjerande nytt. Dei  berre utvida  arbeidsfeltet sitt.

Då  folka om bord i «7de juni» la ut frå Ålesund den 20. juli 1909 for å sigle 900 nautiske mil til Nordaust-Grønland, var det ingen på Sunnmøre som enno kjende til den sørgjelege lagnaden til skipper Severin  Liavaag og yngstemann  Johannes A. Hareide på «Floren». Men lokale folk rista  endå ein gong på hovudet og spådde død og ulykke for dette galmannsverket. Igjen fekk pessimistane rett.

«7de Juni» var  på ca 58 fot og 39 bruttotonn, med ein hjelpemotor på 12 hk, av ukjent

fabrikat. Eigar av båten var A/S Elf, ved Severin Th. Sverre, i Kristiania. Skipper og ekspedisjonsleiar var Vebjørn Landmark (f. 1879) frå Brandal. Der var seks mann om bord. Ekspedisjonsdeltakarar utanom skipper Landmark var: Fangstmann Johannes H. Brandal, fødd 1890, Brandal Fangstmann Henning Indrevik, fødd 1877, Skodje Fangstmann Gustav Abrahamsen, fødd 1869, Ålesund Fangstmann Hjalmar Høvik, fødd 1899, Ålesund Stuert   Martin Bjørlo, fødd 1889 Ålesund.

På veg inn mot kysten av Nordaust-Grønland i 1909 møtte «7de Juni» på «Floren» ved iskanten. «Floren» var då på veg ut av isen for å dra heim.

Den 30. juli 1909 kom ekspedisjonen inn ved Shannon, og i byrjinga av august bygde dei eit vinterhus, Kap Mary-huset ved Claveringsøya. Dei leitte etter ei sikker hamn til «7de juni». Dei valde Germaniahavn på Sabineøya. Inne  på land bygde dei ei jordhytte som dei kalla Germaniahamn.

Tidleg om hausten heldt halvparten av mennene seg ved Kap Mary-huset, men sist i november samla alle seg i Germaniahamn.  Dei ville bu på skøyta i mørketida. Dei  meinte det var tryggast.

Ein sterk storm kom over området først på nyåret. På alle sider av Sabineøya braut havisen opp. Der var ope vatn berre 40 steg bak «7de juni». Det var ein kritisk situasjon. Og nokre av mennene flytta inn i jordhytta. I januar og februar fekk tre av mennene skjørbuk. Ein mann pådrog seg alvorlege frostskadar. Det var berre Vebjørn Landmark att til å fangste polarrev og andre dyr sidan ein mann laut fungere som sjukepassar.

Den 14. mai døydde Henning Indrevik  av skjørbuk og vart gravlagd i Germaniahavn.

På veg ut av isen berga dei fem danskar frå Alabama-ekspedisjonen. I ettertid fekk skipper Vebjørn Landmark den Danske Konges forteneste medalje og diplom for berginga.

Den 19. august kom «7de juni» med dei fem attlevande mennene tilbake til Ålesund.

Desse to første ekspedisjonane, «Floren» og «7de Juni» var pionerane. Dei staka ut ein ny kurs og viste at det gjekk ann å bo i desse ugjestmilde polare områda vinteren gjennom. Men enno så skulle det gå nokre år før desse ekspedisjonane vart årvisse, og då spesielt frå Ålesund-området og Brandal – heilt fram til 1959.

«

LitteraturIsflaket gjennom fleire nr 2009/10 Dagbok av Vebjørn Landmark