Aksla

Andre namn"Kópur"
Eigar1912 Kristian Ingebrigtsen
1916, februar, Pétur Andreas Ólafsson (Island) kjøpt for 140.000,-
FartytypeKutter
HeimehamnÅlesund - Island
ByggeverftGravdal Skipsbyggeri, Opsanger, Sunnhordaland
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår97,9
Mål i breidde, byggeår21,3
Mål i djupne, byggeår9,5
Tonnasje134 brt.
Maskin, orginaltDamp 20 hk
SkipperarRagnvald Abrahamsen, (1913-1916)
Tidlegare eigarKristian Ingebrigtsen, Ålesund
ForlistVed Island, 1917
Utfyllande opplysningar

«Aksla» fekk innsett ei brukt dampmaskin frå «Tordenskjold» då den vart bygd i 1912. «Aksla» gjekk på første ishavstur i 1913, men dei måtte avbryte turen då dei fekk ein del skade på stamnen. «Aksla» kom heim til Ålesund med berre 500 sel.

I 1916 får reiarane på «Aksla» eit godt tilbod frå Island på skuta, kr. 140.000,- og den vert seld dit i februar. Nytt namn vert «Kópur». Men selgar fekk avtale på at skuta ikkje skulle leverast før etter turen i Vesterisen det året. Det vart stortur i Vesterisen og med svært gode prisar. Selgar angra seg på at han takka ja til tilbodet frå Island, og baud 170.000,- for å få ikgjen skuta. Men Islendingane let seg ikkje lokke.

«Kópur» fortsette å drive selfangst. Men den hadde også andre oppdrag. Mellom anna frakta dei sildetønner til Sverige, og dei dreiv også sildefiske.

På ishavsturen i 1917 må skuta igjen avbryte turen på grunn av skade etter isskruing.

På hausten i 1917 forliser skuta utanfor Reykjanes, Island. I ruskever der får dei brått ei lekkasje, og kursen vert straks sett mot land. Men sjølv om mannskapet auste og lensa det dei kunne så fortsette vatnet å stige. Etter ei stutt tid måtte dei gje opp og gjorde klart ein seksring som vart brukt til redningsbåt. Rett etter at mannskapet på 9 mann hadde kome seg i redningsbåten så forliste skuta på omlag 50 famners djupne, omlag 4 kavrtmil av land. Motvinden var så sterk at sjølv med 6 mann ved årane greidde dei ikkje å ha framdrift. Men etter ei tid roa vinden seg og etter ein rotur på 10 timar kjem dei til land.

Under sjøforklaringa  vart det vanskeleg å forklare årsaka til den store lekkasjen som kom så brått. Skader frå isskruing tidlegare på året vart nemnd. Det vart også snakka om at skuta kunne ha vore i kontakt med ei drivande mine, sidan fangstfolket i lugaren meinte å ha vakna til eit smell like før vatnet fossa inn.

LitteraturSunnmørsposten Sjøforklaring Johan Ottesen: Ishavsskuter II