Alfred Edvard

Andre namn"Kvitbjørn" 1928
Eigar1899 Gruppering av fleire kjøpmenn i Harstad
1906 Aagot Finckenhagen, Hammerfest
1928 Sigurd Langaas, Stonglandshals
Reg. merkeF 7 H (1920)
HeimehamnTranøy
ByggeverftGrimsby
Byggeår1879
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår75,2
Mål i breidde, byggeår20,4
Mål i djupne, byggeår9,5
Tonnasje73,77 brt
Maskin, orginaltInnsett motor i 1911
Maskin, ny1915 Bolinder 2 syl. 120 bhk
SkipperarH. Svendsen - 1899
A. Stensvold - 1903-1909
Ingvald Nilsen 1928
ForlistForliste i Kvitesjøen 18. mars 1928
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1903 til Austisen. Dei gjekk ut den 6. april og kom attende frå ein god tur den 11. juli med 2226 sel og 335,5 tønne med spekk til ein verdi av 12.440,37 kroner.

Året etter, i 1904, ankom skuta Hammerfest 23. august med en fangst frå Austisen på 315 sel, 26 kvalros, 13 daude og 2 levande isbjørn, og 200 tønner spekk.

I 1906 var fangsten 318 sel, 11 kvalross, 3 daude isbjørn og 130 tønner spekk. 

1928 vart ståande som det store forlisåret i Kvitsjøen. 86 skuter var påmeldt for fangst der dette året. Ikkje på noko anna fangstfelt har det forlist så mange skuter. I perioden 1924 til fangsten vart avslutta i Kvitsjøen i 1939 skjedde 60% av alle forlis på dette feltet. 115 skuter gjekk ned i ei 15 års periode. I 1928 forliste det her 11 (!) skuter på eit døgn.

Søndag 18. mars 1928 var det «Kvitbjørn» (ex «Alfred Edvard»). Det var storm av syd-sydvest med kraftig skruing, isen pressa seg saman til svære skrugardar rundt «Kvitbjørn» og dei tre andre skutene som låg i nærleiken. Mannskapet jobba iherdig med å halde isen klar av roret, men dei lukkast ikkje og roret vart tatt av isen. Sjølv om skroget framleis såg heilt ut ansåg karane likevel skuta som tapt.

Neste formiddag auka ispresset på, og ein stor isfot kom gjennom skutesida midtskips. Pumpene vart straks sette i gong, men vatnet steig raskt i skuta, og kl. 2 stod sjøen over spekktankane i romet. Skandekket midtskips vart utbrekt, og mannskapet måtte straks forlate skuta. Dei fekk med seg litt proviant og utstyr og gjekk på isen. Deretter tok dei seg over til «Ravnen» og «Åland» som låg faste omlag 200 meter frå dei. Men begge desse skutene hadde så mykje skade at mannskapet gjekk vidare til «Lance» som låg omlag 8 kvartmil unna. Forliset skjedde omlag 28 kvartmil syd-sydvest av Kap Kanin. «Ravnen» og «Åland» forliste også, og dei tre mannskapa kom seg seinare opp til Youkanski på Murmansk-kysten.