Brandal

Andre namnWasserhund (1940-45)
Eigar1911 Sigvald S. Brandal
1919 Peter S. Brandal
1925 A/S Søndmøre Selfangere
1932Peter S. Brandal & Co A/S
1934 A/S Polarbjørn (M. Karlsen)
1968 Martin Karlsen A/S
(Alle Brandal)

Under 2. verdskrig rekvirert av tyske okkupasjonsmakta
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 7 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftKnut Skaaluren, Rosendal
Byggeår1911
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår83,1 fot
Mål i lengde etter ombygging101,6 fot (1947)
Mål i breidde, byggeår20,6 fot
Mål i djupne, byggeår8,6 fot
Tonnasje90,71 brt 1911
157,06 brt 1947
Maskin, orginaltDamp 50 hk (1911) Brunholmen
Maskin, nyWichmann dies 90 hk 1934 - Crossley 6 syl. 375 hk 1947 - Wichmann 750 hk 1967
SkipperarSigvald S. Brandal (1912-1914)
Ole H. Brune (1915-1917)
Johan J. Vartdal (1925-1929)
P.J. Bjerknes (1918-1919)
M Berknes (1920-1923)
Rolv Kvien (1924)
Mikal Marø (1930 og 1932)
Sivert Engeset (1933-1940)
Martinus Brandal
Roald Knoph (1952)
Ole Follestad (1954)
Johs. M. Brandal (1950-1969)
Kjell Marø (1962-1964)
Olav Åsmo (1965)
Peter P. Brandal (1931)
Bjarne Liavåg (1979)
Bjarte Brandal (1969-1978)
Ombyggingar VerftInnsett diesel, Kykseterøra (1934)
Total oppgjenbygd etter krigen på Hatlø Mek, Ulsteinvik (1947)
KondemnertSenka Gangstøvika (1979)
Utfyllande opplysningar

Ishavsskuta ”Brandal” var bygd ved Knut Skaalurens båtbyggeri i Rosendal. Den var ferdig i 1911, og var dermed ei av dei første ishavsskuter spesialbygd for selfangst.

Bestillar av ”Brandal” var Sigvald S. Brandal. Skuta hadde som ny desse måla; 83,1 fot lang og 20,6 fot breid. I byggekontrakta kan vi lese at skuta skulle vere mellom 85 og 90 brt. Den bestilte skuta skulle koste kr. 145,- pr. brt. Då skuta var ferdig hadde den ei brt. på 90,71 og den fekk ei dampmaskin på 50 hk. I desember 1919 er båten ført over til ny eigar, Peter S. Brandal. I februar 1925 blir dette selskapet omdanna til eit AS. Seinare same år blir skuta overført til AS Søndmøre Selfangere. I september 1932 blir det igjen ny eigar, denne gong Peter S. Brandal & Co. AS. I Januar 1934 står AS Polarbjørn oppført som eigar ei lenger periode fram til 1968 då skuta blir overført til Martin Karlsen AS.

Første turen på selfangst var i 1911. På denne turen hadde dei ein samla fangstverdi på kr. 10.750,- På veg heim tok dei om bord mannskapet på ”Union” som hadde forlist i isen.

I 1918 vert propellakslingen bøygd i møte med is. Ved hjelp av mesanbommen prøver dei å bøye den attende, men bommen brotnar. Så prøvde dei ved hjelp av klyverbommen, men då brotna propellakslingen. “Løftingen” kom til å slepte “Brandal” ut av isen og dei segla til Island for reperasjon.

I 1928 vart ”Brandal” sendt ut på ekspedisjon for å leite etter Roald Amundsen. Offisielt var skuta på kvalrossfangst, men Peter S. Brandal som var ven med Amundsen kosta då ein privat leiteaksjon.

I 1930 får skuta benda propellakslingen etter å ha slege mot ein isknultr. Det vart fløyta etter assistanse, og “Jopeter” og “Aarvak” kom til. “Aarvak” hadde sterkast maskin, så denne slepte “Brandal” ut av isen. Komne ut av isen vart maskina starta, men det synte seg at dei hadde lekkasje og maskina vart stoppa igjen, og dei segla då til Island for reperasjon. Dette gjekk bra, men lekkasjen var ganske stor då dei kom fram.

I 1934 vert ”Brandal” ombygd, og den får no ny motor, ein Wichmann diesel på 90 hk.

1937 er “Brandal” på Sydaust-Grønland. Inspiserar stasjonane i Storfjorden og Trollbotten, og skifte ut stasjonsmannskap. Sverre Aarseth med to assistentar følger med opp, tilbake er Ragnar Eggesvik med sine to assistentar. Forlot Ålesund 2. august, tilbake 17 sept

Skuta blir rekvirert av den Tyske marine (KMD) i 1940. Den får no namnet ”Wasserhundt”. I 1943 forliser skuta under oppdrag ved Sandnessjøen. Der vert den liggande i nesten eit år, før Martin Karlsen i januar/februar 1944 sendte to av sine andre skuter på ekspedisjon for å prøve og heve vraket. Dette lykkast dei med. Dei fylte romet med tome eikefat og fekk oppdrift på den. Skuta vart slept til Ulsteinvik og satt på slipp ved Hatløy mek. Her starta eit omfattande oppbyggingsarbeid. Bortsett frå nokre få delar i skroget var det i praksis ei heilt ny skute som no vart oppbygd. Det tok tid å bygge oppatt skuta. Det var materialmangel, og både Martin Karlsen og Leif Hatlø var på fleire sykkelturar innover fjordane for å få tak i ein tømmerstokk her og der. 13. mars 1947 kan vi lese i Vikebladet at ”Selfangaren ”Brandal” gjekk prøvetur sundag – over 10,5 mils fart under prøveturen. Det er den mest moderne selfangstskuta i Noreg som no forlet verkstaden”. Skuta hadde no fått ein Crossley motor på 375 hk. Lengda var 101,6 fot og den var blitt 23 fot breid. I Vikebladet kan vi vidare lese ”at dette er den største båt Hatløy mek. har levert til no, og at det på prøveturen var med 150 menneske (!) som alle vart rikelig traktert med kaffi og smørbrød. Alle lugarar er elles utstyrte med elektrisk ljos og sentralvarme”.

I 1949 er “Brandal”, i lag med “Flemsøy” på veg heim frå Vesterisen då dei får melding om at “Herøyfjord” har fått slagside og er i vanskar rett utanfor Sunnmørskysten på veg heim frå Newfoundland. Ombord er også mannskapet frå “Polarbjørn” som forliste på Newfoundland. Dei to skutene sette straks kursen mot havaristen, og i saman redda dei mannskapa frå “Herøyfjord” den 28. april. Det vart utvist stort sjømannskap ved denne berginga i ganske opprørt hav. Slepebåten “Draugen” kom til og tok “Herøyfjord” på slep, men etter ei tid rann skuta full av sjø og gjekk ned i havet.

Utanom selfangst turane hadde ”Brandal” mange ulike oppdrag. Den var ei tid årviss som ekspedisjonsskip på Grønland, ulike oppdrag i Nordsjøen og ulike fraktoppdrag. I 1967 fekk den igjen ny maskin, no ein Wichmann 5ACAT på 750 hk. Denne stod i skuta då den hausten 1979 vart kondemnert og senka i Gangstøvika.

I 1972 på oppdrag for Grønlands Geologiske Undersøkelse, København, ved Discobukta og andre stadar på Vest-Grønland.

I 1976 berga “Brandal” mannskapet på “Kari” som forliste i Hjeltefjorden.

I 1977 berga “Brandal” mannskept frå “Flemsøy” som forliste i Vesterisen.

I 1979 går “Brandal” ut på siste tur til Vesterisen. Alt utanfor Runde på veg til feltet merka dei at skuta lek ein del, og skuta går attende til Brandal og får med ekstra lensepumper. Då skuta kom attende i slutten av april var lekkasjen så pass stor at skuta vert møtt ved eggakanten av eit helikopter med meir lensepumper. Båtar som låg i nærleiken kom også til assistanse. Dei kom seg til land og fekk lossa, og ei tid etter dette vert den gamle skuta kondemnert.

Mast og tønne vart tatt vare på og rigga opp ved Brandal skule.

Litteratur”Alarm i Vesterisen” Nystrøm ”Ishavsskuter I” Johan Ottesen ”Ishavsfart” Odd Vollan ”Mysteriet i Vesterisen” Arnold Farstad ”Isflaket”
Arkiv referanseMappe på Brandal, Isflaket, fil