Brattind

Andre namnAugust Jakobsen
EigarLudolf Schelderup, Skånland
1938 A/S Småfangst (Arne Austad)
1940 Die Deutsche Wehrmacht
1951 Erling Corn. Pettersen P/R, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 106 T
T 78 TD
HeimehamnTromsø
ByggeverftStrandebarm
Byggeår1891
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår66,1 fot
Mål i lengde etter ombygging82 fot
Mål i breidde, byggeår19,2 fot
Mål i djupne, byggeår7,9 fot
Tonnasje49,8 brt
56,4 brt
88 brt etter ombygg
Maskin, ny1951 motor 100 hk
SkipperarP. Andreassen (1939)
Rolf Richardsen, Kalfjord (1952) (Anders Hansen var fangstleiar)
Ombyggingar Verft1951 Danielsens Verft, Finnsnes. Forlengd, forsterka, rana baug
ForlistForliste i Vestisen 4. april 1952 med 14 mann om bord.
Utfyllande opplysningar

M/S ”Brattind” vart bygd i tre i 1891. Etter målebrevet hadde skuta måla 66,1 fot lang, 19,2 fot brei, og 7,9 fot djup. Den målte vidare 49,84 brutto registertonn.

Ludolf Schelderup hadde skuta, som då bar namnet ”August Jakobsen”, fram til 1938. No vart skuta seld til A/S Småfangst for kr. 10.000,- Salet var datert den 19.03.1938, men vart ikkje innført i registerboka før den 08.11.38.

Skuta dreiv med selfangst alle desse åra, fram til 2. verdskrig, då skuta som så mange andre vart seld eller tatt i prise. Skuta vart seld til tyskerane den 07.10.40. Den vart sletta av registeret den 10. januar 1946, og meddelelse sendt til tollkasserar og Sjøfartsdepartementet.

I 1951 tek Erling Corn Pettersen med fleire over M/S ”August Jakobsen” frå fientleg eigendom. Pettersen får skuta ombygd og forsterka på Danielsen slipp og båtbyggeri på Finnsnes. Skuta vart forlengd, og fekk utfallande stevn. Brt. vart auka til 88,08 og maskinen var no på 100 hk. Denne registreringa vart gjort 6. mars 1952.

Den 4/5. april 1952 forliser ”Brattind” i Vesterisen i lag med fire andre skuter i eit forrykande uver. Heile mannskapet kom vekk. 5 skuter med 78 mann var sporlaust forsvunne i uveret.

Dei som kom vekk med «Brattind» var:

Skipper           Rolf N. Richardsen                  Lenvik               32 år

Fangstleiar      Anders H. Hansen                  Tromsøysund    55

1.skyttar          Asbjørn E. Eliassen                Tromsøysund    31

2.skyttar          Arne F. Robertsen                  Tromsøysund    31

Maskinist        Harald Jensen                         Tromsøysund   28

Assistent         Arvid N. Nilsen                        Balsfjord          24

Kokk               Søren M. Pettersen                   Lenvik             36

Fangstmann    Alf J. Pettersen                       Tromsøysund  42

Fangstmann    Rudolf A. Johansen                Tromsøysund  27

Fangstmann    Hagbart M. Toften                  Tromsøysund  31

Fangstmann    Rudolf Nilsen                          Balsfjord         17

Fangstmann    Roar H. Christensen               Tromsøysund  35

Fangstmann    Harald B. Thorsteinsen           Tromsø            49

Fangstmann    Thorleif H. J. Foss                  Tromsø            32