Brattvaag

Andre namnKviting
Eigar1920 Fugleberg & Tøsse (Ole Skjelten, Ivar Skjelten og Bernt Hildre)
1925 Bernt P. Hildre, Ole J. Skjelten og Ivar J. Skjelten
1927 A/S Brattvåg, Harald M. Leite, Ole Skjelten, Peder Eliassen og Harald M. Leite
1933 Bjørn Øvrelid m/fl., Hjørungavåg
FartytypeSelfanger
Reg. merkeM 139 H (1920)
M 125 A (1927)
M 14 HD (1933)
HeimehamnBrattvåg - Hareid
ByggeverftEdvard Stenødegård, Vestnes
Byggeår1920
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår80,8 fot
Mål i breidde, byggeår20,6 fot
Mål i djupne, byggeår9,7 fot
Tonnasje99 brt
SkipperarPeder Eliassen (1919)
Ingvald Svendsen
Peder Eliassen (1930)
Bjørn Øvrelid (1933)
Johan Nedrelid (1935)
ForlistForliste i Stredet 11. juli 1935
Utfyllande opplysningar

”Bratvaag”  var bygd for selfangst, men det skulle verte noko heilt anna skuta nokre år seinare skulle bli så kjent for langt utanfor landets grenser. Det var i 1930 at “Bratvaag” offisielt skulle på eit kombinert fangst- og forskartokt i området mellom Svalbard og Frans Josef Land. Meir uoffisielt var skuta utsend av Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser for å kome russarane i forkjøpet med annektering av Victoriaøya mellom Svalbard og Frans Josef Land.  Denne okkupasjonen skulle sikre norske rettar for framtidig kvalross- og selfangst i området.

Skipper Peder Eliassen på ”Bratvaag” okkuperte øya i namnet til reiaren Harald M. Leite.

Seint på kvelden den 5. august kom skuta til Kvitøya. Vitskapsfolka vart sette på land og arbeidde heile natta. Dagen etter går ein del av mannskapet i land for å fangste kvalross. Dei finn etter ei tid fleire gjenstandar som stikk opp av isen på øya, og etter meir graving viser det seg at det er leiren etter Andrèe ekspedisjonen frå 1897 dei hadde funne.  Funnet vart ein verdssensasjon.

Den svenske oppdagaren Salomon Andree freista saman med to ekspedisjonsmedlemer å nå Nordpolen i ein styrbar ballong, “Ørnen”, frå Danskøya ved Svalbard den 11. juli 1897. Freistnaden mislykkast, og lagnaden til deltakarane var eit mysterium i meir enn 30 år.

”Bratvaag”-karane hadde funne det som mange ekspedisjonar opp etter åra hadde vore ute å leita etter. Dei tok om bord delar av funnet frå Andrèe ekspedisjonen, men heldt fram med sin eigen ekspedisjon som planlagt.

Den 2. september klappar ”Bratvaag” til kai i Tromsø. Rykte om funna hadde kome fram, og ekspedisjonen vart møtt som heltar av eit stort publikum og journalistar. Ein månad seinare vart fleire leivningar etter Andree-ekspedisjonen funne av ein ekspedisjon med “Isbjørn I” av Tromsø, utrusta av eit pressekonsern.

Året etter dette funnet fekk ”Bratvaag”-reiarlaget problem, og skuta vart seld på tvangsauksjon i 1931. Eit aksjeselskap med tyngde i Hjørungavåg fekk kjøpe skuta som no endra namn til ”Kviting”. I selskapet AS Kviting som vart skipa i 1932 var Bjørn Øvrelid, Werner Anderson, Norvald Liavåg, Johan Nedrelid og Adolf Olsen.

”Kviting”  (ex ”Bratvaag” ) forliser i Stredet den 11. juli 1935. Isen skrua til å klemte hol i skuta. Mannskapet klarte å låre ein fangstbåt, og berga seg ombor i ”Sælbarden” som låg i nærleiken. Ein del av mannskapet vart seinare delte på ”Hisø” og ”Veslekari”.

Då ”Kviting” sokk brotna formasta og flaut opp. På toppen av masta var det eit fint tre-spir. Dette vart plukka opp av skipper Ole Eiken, og er i dag å finne på Ishavsmuseet.

Mannskapet på ekspedisjonen i 1930 var:

Skipper, Peder Eliassen, Ålesund, skyttar Severin Skjelten, Ålesund, skyttar Ole S. Myklebust, Vartdal, maskinist Nils Lange, Lepsøy, Maskin ass. Bjarne Ekornesvaag, Borgund, Stuert Hans Laabak, Ulstein,

Fangstmenn: Karl Tusvik, sykkylven, Lars Tusvik, Sykkylven, Leif Nedregotten, Borgund, Magnar Festø, Ålesund, Syver Alvestad, Hildre, Johan Almestad, Hareid, Sigurd Myklebust, Vartdal, Olav Salen, Nørve.

Frå NSIU: Geolog dr. Gunnar Horn, leiar, botanikar Olaf Hansson og Zoolog Adolf Sørensen.

Sjøforklaring forlis 1935:

S/S «Kviting» tilhøyrde reiarlaget A/S Kviting ved Bjørn Øvrelid , Hjørungavåg. Skuta forliste under selfangst i Danskestretet den 11. juli 1935.

Skipper om bord var Johan Nedrelid. Dei øvrige 14 besetningsmedlemene var: Styrmann Bjørn Øvrelid, 2. skyttar Norvald Liavaag, maskinist Kr. Syvertsen, stuer Oskar Havnes, samt fangstmennene Meier Olsen, Karl Alvestad, Karl Tusvik, Lauritz Båtnes, Roger Ulfseth, Hans Utgård, Johannes Klungsøyr og Hjalmar Båtnes.

Skuta var bygd i Remmensvik i Romsdal i 1921 og var på 99 tonn brutto. Kaskotaksten og trygdesummen var på kr. 50 000,- Av dette stod reiarlaget sjølv for ein fjerdepart eller kr. 12 500,- i eigen risiko.

Det blei gjort fylgjande trygdeoppgjer:

Kaskotakst kr. 50 000,- med frådrag av ¼ part                         kr 37 500,-

Utstyr og reiskap                                                                «     5000,-

Utrustningsutgifter                                                              «     5000,-

Mannskapets tøy og effekter                                              «    5000,-

Tilsaman                                                                              kr 52 500,-

Det meste av kasktrygdesummen vart utbetalt til J. & C.G. Bolinders Mekaniske Verksteds norske Aktieselskab, Oslo, som var panthavar.

Oppgjeret var datert Ålesund, den 20. august 1935.

Det vart halde sjøforklaring i Reykjavik den 23. juli 1935. Administrator var fungerande generalkonsul Wilhelm Fegth.

Skipper Nedrelids forklaring samt utdrag av skutas dagbok fylgjer i si heilheit i underteikna stand.

Selfanger «Kviting» av Aalesund.

Aar 1935, den 23. juli avholdtes efter berammelse sjøforklaring på det kgl. Norske Generalkonsulat i Reykjavik i anledning av ovennevnte fartøis forlis i Danskestrædet, nær Grønland, den 11. juli d.å. Under selfangst. Forretningen bestyrtes av den ved Generalkonsulatet utsendte visekonsul, Wilhelm Fegth.

Generalkonsulatet hadde søkt oplysning om skibets assurandører, «Ishavet» i Aalesund, hadde noen representant her som i tilfelle skulde varsles, men dette lot sig ikke bringe på det rene. Det er i allefall klart at «Ishavet» ingen representant har her, men muligens det britiske reassuranseselskap. Hvilket dette er har man dog ikke kunnet få vite.

Fremstod skibsfører Johan Nedrelid, som forklarte, at han var hjemmehørende i Hjørungavåg, Aalesund. «Kvitings»s kjenningssignal er LGPI av 99.13 br. Og 30 91/100 neet. Reg. Tonn. Det er bygd i Remmensvik i Romsdalen i 1921, hadde siste gang gjennemgått besiktelse av Norsk Veritas 2. mars 1933. Besetningen utgjorde 15 mann inklusive føreren. Skibet gikk ut fra Aalesund den 24. mai d.å. Og var ved avreisen i enhver henseende i fullt sjødyktig stand. Komparenten  (dvs. skipper Nedrelid) foreviste skibets journal og fremla et utdrag av samme forsåvidt angikk de på reisen inntrufne begivenheter.

Utdraget var sålydende:

            Onsdag 10. juli 1935.

            Storm av ost med regn. Vi ligger fast i isen og kan ingen vei komme. Kl 2 emd. Blir det skruing. Skuten faar en stygg paakjending akterut saa den lekker saa meget at alle pumper maa gaa for aa holde den lens. Vi tar endel proviant paa isen og endel har vi paa dekk. Ca 2 timer eftere tætner skuten litt. Mellem kl 9 og 10 emd. tar vi provianten ombord igjen da situationen er lit lysere. Lens skib.

            Torsdag den 11. juli 1935.

            Det er fremdeles storm av ost, og det regner noe forferdelig. Vi nærmer oss nu hurtig et isfjell som ligger i le. Vi kan ingen vei komme.  Kl 1 fmd. Faar vi yderlig isskruing. Mandskabet blev nu varslet om og ta det aller nødvendigste tøy på dekk.  Ca kl 2 ½ fmd. er vi kloss i isfjellet til luvart for det. Vi faar nu en voldsom skruing saa skuten blir lagt helt over paa styrbords side mott isfjellet. Maskinisten kommer i samme øyeblikk og varsler at sjøen fosser ind i maskinrummet bakfra og stiger i en uhyggelig grad saa det er ikke tale om og holde den. Nu blir alle mand beordret paa isen. En del tøybylter lempes paa isen og vi laarer babords baat i all hast. Provianten som laa paa dekk rauset ned i styrbords side da skuten blev lagt over saa vi ingen ting kan faa med. En stund efterpaa retter skuten sig op og synker med akterenden fore. Kl er da ca 3 ½ fmd. (Islands tid). Det samtlige mandskab gaar nu og drar baaten mellem sig langs isfjellet for aa komme ombord i nermeste fartøy som  er S/S «Sælbarden» og den tar oss opp. «Hisø» og «Mari» ligger like ved. Mandskabet blir fordelt med 5 paa hver av disse 3 skuter.

            De skuter som var i nærheten under forliset var «Sælbarden», «Hisø», «Veslemari», «Sælis», «Fortuna», «Randi», «Flemsøy», «Rundøy», «Skansen» og «Søndmøringen».

            Posisjonen under forliset foretatt ved peiling av land efter at vi var optatt av «Sælbarden» var n.br. 66 gr. 15 min, l.v. 34 gr.

            Samlet fangst ved forliset 170 dyr.

 

Reikavik 20. juli 1935.

(t.) Johan Nedrelid.

Fører.

LitteraturBrattvaag er nemd i mange bøker om ”Ørnen”. Ishavsskuter, Johan Ottesen