Elf

Eigar1884 S. Leleu
1889 G. L. Turner
1890 J. Hannevig
1893 J. P. Høgh
1904 A/S Elf, Nøtterøy
1906 Arne Christensen, Fredrikstad
1907 A/S Elf, Kristiania
1916 A/S Aalesunds fangst og fiske (Arne Christensen, Severin Theodor Sverre, Mathiesen, Joh. Baumann, Hugo Wetlesen, Christian Holter, Oscar Larsen og Fredrik Schuman)
1925 Gerhard Nerland og Ole Kvalsvik, Herøy
1929 Johan Melbø, Borgund
FartytypeGaleas
Reg. merkeYarmouth: IH-965
1890 Drammen
1920 M 70 A
1925 M 173 HØ
1929 M 147 B
HeimehamnÅlesund - Herøy - Borgund
ByggeverftJ. E. Wilkinson Wivenhoe, Essex, England
Byggeår1884
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår69,7 fot
Mål i breidde, byggeår19,3 fot
Mål i djupne, byggeår9,5 fot
Tonnasje65 brt
68 brt
70 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1906 Alpha 16 hk - 1913 Liaaen Comp. 63 ihk
SkipperarJohan Olsen (1905-1910)
Mikal Marø (1915)
Thor Olsen (1918)
Kr. Voldsund (1919)
Nikolaisen (1920)
Isak Notøy (1911-1914 og 1916)
Johan Melbø
Ombyggingar Verft1906 i Moss, innsett motor og lagt på ishud.
ForlistForliste 30. juli 1932 ved Bellsund, Svalbard
Utfyllande opplysningar

Under håkjerringsfiske ved Svalbard sommaren 1932 byrjar “Elf” brått å ta inn vatn natt til 30. juni. Maskinlensene greidde ikkje å ta unna, og dei måtte avslutte draging av linene. Dekkspumper vart tekne i bruk og dei la kursen mot Bellsund. Dei heiste også segl, og framdrifta var bra. Vatnet fortsette å stige, og  dei fekk også problem med at kol i baksane slingra ut og kolstøvet tetta lensene. vatnet gjorde det vanskeleg å lempe kol, og etter ei tid minka både stimen og farta. Fyren slokna etter kvart, og vatnet heldt fram med å stige. Det var ingen annan utveg enn å gå i båtane. Mannskapet på 12 deler seg på to båtar. Skipperen hadde sett at barometeret fall i morgontimane, og dei rodde av alle krefter mot land før ein eventuell storm skulle kome over dei. Etter å ha rodd i vel 3 timar ser dei røyk frå ein båt, men han har feil kurs og går meir mot der “Elf” sskulle ligge. I 17 tida kjem dei to båtane til land ved Kapp Borthen. Då ser dei brått dampbåten dei hadde observert kome med “Elf” på slep. Havaristane tender bål i fjøra i håp om å verte oppdaga, men frå dampbåten er det ikkje reaksjon. Dei komande dagane ror dei til Bellsund og til Isfjorden der dei den 2. august greier å få kontakt med “Inger Elisabeth” som kjem inn fjorden. Mannskapet teke opp av “Inger Elisabeth” og kom til Harstad med “Ingertre”.

 

LitteraturSunnmørsposten 09.08.1932