Fangstmand

Eigar1917 Johan H. Brandal, Brandal
1925 Brandal Ishavsrederi A/S, Johan H. Brandal
1927 A/S Søndmøre Sælfangere
1932 A/S Fangstmand, Disponent og korresponderande reiar Haakon Brandal, Brandal. (aksjonærar Haakon J. Brandal, Peter S. Brandal, Arthur Rise, Peter R.J. Brandal, Martin Karlsen, Sigurd Holstad, Petter Hildre og Arthur Tunold.) kjøpt for kr. 58.000,-
1974 Johs. Matre, Ølen, Sandfrakt A/S, Ølensvåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 23 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftJørgensen og Vik båtbyggeri, Grimstad
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår105,9 fot
Mål i breidde, byggeår22 fot
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Tonnasje151,35 brt1917
159 brt
Maskin, orginaltPusnæs støberi & mek. verksted 2. syl comp. 130 ind / 26 nom hk
Maskin, ny1950 Crossley 6 syl 450 hk - 1966 Wichmann 900 hk
SkipperarHans Nøtvik (1918)
Johan Brandal (1922)
M. Pedersen (1923)
Vebjørn Landmark (1927)
Håkon J. Brandal (1919-1952)
Ola Jarle Bigseth (1952-1970)
Asbjørn Johansen (1971-1972)
Ombyggingar Verft1950 ombygd og innsett ny maskin ved Hatlø verft i Ulsteinvik
KondemnertKondemnert som ishavsskute i 1974
AnnaKondemnert som sandlekter i 1992.
Utfyllande opplysningar

 

 

Ishavsskuta ”Fangstmand” som fekk fiskerimerke M 23 HD, var bygd av Jørgensen og Vik båtbyggeri i Grimstad, og var ferdig i 1917. Storleiken på båten var 105 fot lang og 22 fot breid

“Fangstmand” var første gang på selfangst i 1918.

Den var bygd i klasse A1 og fekk ei dampmaskin på 130 ind.hk. frå Pusnes støberi, Arendal. Denne maskinen vart ståande i båten heilt til 1950 då den vart erstatta av ein Crossley diesel på 450 hk.

I 1924 hadde «Fangstmand» med skipper Haakon J. Brandal med 12 levande moskuskalvar frå Grønland. Desse skal ha blitt stallfora på Brandal eit heilt år før dei vart selde vidare.

I åra 1924, 1925, 1926 er “Fangstmand” kvart år på fangst ved Aust-Grønland. Fangsten bestod av sel, isbjørn og moskus.

I 1927 etter god fangst i Stretet og ved Grønland gjekk “Fangstmand” til Isafjord på Island og bunkra før heimreise. Fangstresultatet vart 1305 sel, 58 hvalross 1 narrkval 4 moskus og 3 isbjørn.

I 1928 er “Fangstmand” på kombinert sel og håkjerringfiske i Stetet. Fangstresultatet dette året vart 336 sel og 25 fat håtran.

I 1930 er “Fangstmand” igjen i Danskestredet etter at første turen i Kvitsjøen er unnagjort. Dette året fangsta dei 405 sel og 217 fat håtran i Stetet. 28. mars sokk ishavskuta “Islys” ved Kapp Orlov, Kvitsjøen. Mannskapet blei fordelt på fleire skuter bl. a. “Fangstmand”.

I 1931 gjer “Fangstmand” to turar til Danskestredet og har ein samla fangst på 1068 sel og 379 fat håtran.

I 1939 fangstar “Fangstmand” først i Vesterisen og kjem heim 7. mai med 1160 sel, før 2. tur går til Danskestredet der dei fangsta 2123 sel, 5 døde isbjørn og 16 tonn håtran.

I 1949 kjem “Fangstmand” frå Vesterisen med 1525 sel, 1 død isbjørn og 25 tonn spekk. I Danskestredet dette året vert fangsten 40 sel og 26 tonn håtran.

I 1959 frå Vesterisen 8. mai med 2040 sel og 20 tonn spekk. “Fangstmand” går i Danskestredet også dette året, og leverar etter turen 700 sel med 30 tonn spekk. Fangstverdien frå Håkjerringsfiske dette året er 12.000,-

I 1966 fekk den igjen ny maskin, denne gong ein Wichmann på 900 hk.  Tingar og eigar av “Fangstmand” var Johan H. Brandal. I 1925 er det Brandals Ishavsrederi AS ved Johan H. Brandal som er oppført som eigar. A/S Søndmøre Selfangere overtek båten i 1928, og i 1932 blir det AS Fangstmand med disponent Haakon J. Brandal.

Under andre verdskrig vert båten rekvirert av Wehrmacht og går i fraktfart langs kysten. “Fangstmand” hadde om lag same skrogforma heile si levetid. Dei fleste andre skuter vart ombygde til kryssarar. “Fangstmand” og “Vesterhavet” heldt i mange år fylgje på oversiglinga til Vesterisen. Slik også i 1939. Dette året forliste “Vesterhavet” og mannskapet vart berga over i kameratskuta “Fangstmand”.

Også “Fangstmand” vart brukt til ulike oppdrag utanfor selfangsten. Under eit slikt oppdrag heldt det ein gong på å gå skikkeleg gale. Dei var på tur med ein høylast då dei fekk brann i lasta. Denne brannen utvikla seg så raskt at det var berre så vidt folket berga seg. Skuta vart sett på land på Frøya, og seinare slept til Hatløy mek. i Ulsteinvik til reperasjon.
I 1974 vert “Fangstmand” kondemnert som ishavsskute, og seinare nedrigga og selt til Johs. Matre på Ølen. Meininga var og bruke oppatt maskinen i ein lastebåt han åtte, og bruke skroget til sandlekter. “Fangstmand” maskinen vart etterkvart satt inn i kraftblokk snurparen “Brendholm”. Skroget vart kondemnert og seinka i Bjørnefjorden i 1992 (?). Mast og tønne vart tatt vare på, og står ved Aalesunds Museum.

Ishavsskuta Fangstmand.

Skal vi kondemnere eller ta vare på båten?

Ein samtale med reiar Håkon Brandal

Fangstmand er så gammal innom ishavsnæringa at namnet blir skrive med ein «d» til slutt. Men skuta har vore god nok alle desse åra. Meir enn 100 turar har ho kryssa inn og ut av isen frå felta i Kvitesjøen, Vesterisen og Danskestredet. Ho har lege etter Håkjerringa og silda, og vore bort i torskefiske også. Då det no blir slutten på soga, ho skal leggast opp, nytta vi høvet til ein prat med reiaren og mangeårig skipper Håkon Brandal.

-Eg var i Grimstad og gjekk på styrmannsskule då Fangstmand vart bygd der. Det var i 1917. Alt i 1918 var ho på sin første ishavstur. Etter datida var det ei både stor og moderne skute, og såleis var det ikkje vanskeleg og få folk med på turane.

-Kor lenge dreiv de Kvitesjøen?

-Vi var der så lenge vi fekk lov. Det var eit vanskeleg fangstområde. Straumen var som ei elv ut og inn etter flo og fjøre. Sjøen var urein. Særleg var vi redde for og bli skrua opp på fastisen. Det er denne isen som går heilt til botnen, sjøen her er ganske grunn. Eit år forliste det bortimot 20 skuter i dette området, men Fangstmand kom heim både med fangst og mannskap.

 -De var ikkje ute for noko fare då?

 – Å jau, vi var millimeteren frå forliset, farr. Vi hadde vorte drivne ned mot ein slik fastis, og så sette skruinga inn. Isen stod over rorhuset. Vi sette båtar med utstyr og proviant på isen. Då small det! Skuta lyfte seg rett opp. Isen hadde pressa seg under. Når vi så seig ned på sjøen att kunne vi kome oss derifrå. Til den tid hadde så mange av skutene gått ned at det nesten ikkje var plass til mannskap ombord med oss. Derfor måtte vi dele dei på andre skuter i området. Rart og sjå kor desse svarte prikkane for over isbaksane bortover mot skuter som ennå flaut. Det var leitt at Kvitesjøen skulle verte stengd, jamvel om vi må seie at det var ein hard kamp plass.

   -Kva andre felt har Fangstmand vore med på?

   – Når det gjeld selfangst, så er det Vesterisen og Danskestredet. Men ellers har skuta lege etter Håkjerringa, vore på silda, og jamvel teke del i torskefiske.

   -Kva fangstfelt held for å vere det beste?

   -Å, kvart felt har sine farar og sine føremunar. I Vesterisen er det minst straum og skruing, men stormane kan vere temmeleg skarpe. Straumen og skruinga i Stredet er kjende nok.

   -Fortel om ei spennende historie.

   – Ja, då må det bli frå Stredet. Det var ein sterk pålandskuling, men straumen gjekk til havs. Dei store isfjella seig derfor utover medan pakkisen vart skruva innover. Vi kom inn i slik pakkis og det barst rett imot eit kjempemessig isfjell der båten la seg på tvert. Vi vart skuva oppover langs isfjellet og slik pressa av drivisen at eg hadde lita von om å greie det. Vi gjorde oss derfor klar med båtar og utstyr med sikte på og kome oss inn til Grønland ein stad. Då augna eg ein ny sjanse. Det vart litt lette i skruinga slik at skuta kunne kome ned på sjøen. Roret var benda fram langs sida, men propellen var der, så vi fekk rigge til styring med handemakt og styre Fangstmand i le av det store isfjellet. Og då gjekk det fint, for der var det ope vatn. Vi følgde isfjellet til havs. Så rigga vi oss til med taljar og styrte skuta inn til Island med handemakt for og få henne reparert. Den gongen var vi etter mi meining minuttar – for ikkje og seie kortare tid – frå forliset.

   -Det er denne klappmysa de bruka å fange i Stretet?

   -Ja, og fredingsavgerdene her er etter mitt skjøn eit stort misgrep. Vitskapen har forrekna seg. Klappmysa kastar ikkje ungane sine der dei trur. Fredinga gjer berre fangsten rikare for new Foundlandsfeltet, ikkje for oss slik dei trudde. Leiting etter merke på selungar har bevist at dette må vere så. Alt det dei har leitt, har dei ikkje funne eit einaste merke der dei trudde det skulle vere. Og vi som har sett dei milelange svarte stripene etter hårfellande klappmus meiner og vite noko anna enn det vitskapen meiner seg og ha slått fast.

   -Korfor skal ikkje Fangstmand ut meir?

   -Det løner seg ikkje. Vedlikehaldet for trebåtar er så stort at det er berre eit tidsspørsmål når fangst med slike båtar blir slutt. Dette jamvel om desse båtane har mange føremuner i isen. Nå kjem stål og jarnbåtane til og overta. Elles blir skuta i minste laget også.

   -Og kva skjer så?

   -Ja, den som berre viste det. Vi har ein splitter ny motor inne, som vel kunne vere brukandes andre stadar. Også anna utstyr er inntakt. Men sjølve skroget er nok ikkje lenger brukandes.

   -Det blir kondemnering då?

   -Eg trur ikkje eg vil uttale meg om den saka. Men kanskje vi kunne ynskje at skuta ikkje går bort. Ho er liksom siste resten av ein periode innan næringa som det kan vere vel verdt og ta vare på. I Fangstmand sine beste dagar finn vi også selfangstnæringa si beste tid.

   -Det ville ikkje vere ein ide å setje den på museum då? Sunnmøre Museum er jo kjendt for å ha eit godt utval av historiske båtar, ville det ikkje vere naturleg for dei og streke opp lina framover til i dag?

   -Heller ikkje det er eg den rette mann til og uttale meg om. Men sopass kan eg i alle fall seie, at det ville vere ulagleg og ha skuta liggande i lenger tid i Hareid. Gutungane har så stor lyst til og klatre. Ein dag hadde fleire komne heilt opp i tønna. Eg kan ikkje vere der og passe på, så eg har snakka med lensmannen om desse problema. På eit eller anna vis må vi få slutt på dette. Tenk kva som kan hende om ein eller annan datt ned!

   -Ja, men vi og klatra i riggen på ishavsskutene?

   -Så sant, så sant, men då var der alltid folk som var ansvarlege i nærleiken og ein såg til at ein ikkje hengde seg opp i ting som ikkje tolde det. Slik er det ikkje no.

   -Er det med vemod du lar Fangstmand ligge stilt for godt?

   -Ja, naturlegvis. På den andre sida må vi alltid finne oss i at tida går. Og skuta er 55 år gammal. Dessutan har ho hatt ein heller hard arbeidsdag. Eg tenkjer ikkje på alle dei knuffa ho har fått av isen, heller på dei merka krigen gav. Ho var den einaste som flaut av dei som vart bomba på Hjørungavåg, og då vi vel hadde fått reparert ho, så for tyskerane med ho. Då brann ho opp og sokk nordafor. Vi fekk berge ho igjen, men då var heile overbygget og ein heil del av skuta ramponert. Det kosta ikkje så lite strev og pengar å få henne i brukbar stand att. Og her vil eg til slutt seie at når Fangstmand trass i alle problem har kome igjen etter turane i isen, så blir grunnlaget for det lagt heime.

   -Korleis det då?

   -Jau, det er avgjerande viktig at den som har ansvar for både materiell og menneskeliv oppe i dei barske ismarkane syter for at skuta er i tipp topp stand når ho legg ut. Det ansvaret har vi kjendt tungt på oss. Og så langt vi har makta det har vi alltid sytt for at ingen ting var galt då skuta la frå kaia.

   Vi vart sitjande lenge og prate om opplevingar i isen. Kona kom med kaffi, bilde kom ned av veggane, «Isrypen» – måla av mennene ombord-, og stort foto av «Fangstmand» i det den stemde mot Kvitneset med full last.

   -Han burde vel ha kvitta seg med båten for lenge sia, sa kona. Men han har alltid hatt slik lyst til å gjere vel det han gjer. Derfor har han kava seg slik opp heilt til no.

   -Å, eg har no hatt glede av det og, fall Håkon inn mellom kaffisupane. Det har kome eit spennende liv som kunne fylle mange bøker. Glad eg slepp og ta riskane ein gong til.