Forland

Eigar1916 A.C. Normann og Edv. Larsgaard, Ålesund
1924 D/S Forland A/S, Vartdal. (Elias Nørve, Elling Aarseth, Peder E. Aarseth)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 136 A
M 16 VD
HeimehamnÅlesund - Vartdal
ByggeverftTromsø Skibsværft, Tromsø
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår92,17 fot
Mål i breidde, byggeår21,7 fot
Mål i djupne, byggeår11,4 fot
Tonnasje131,79 brt
Maskin, orginaltDamp, 130 hk, Bergens MV 2. syl. comp.
SkipperarEdv. Rønning (1916)
Peder Trandal (1917)
Ole Hofseide (1918-1920)
Isak Remø (1923/24)
ForlistForliste i Kvitsjøen 25. april 1924.
Utfyllande opplysningar

«Forland» var tinga av Theod. Jebens, J. Austad og Chr. Johannessen, alle Tromsø, men skipsverftet sel skuta før den er ferdig til A.C. Normann og Edv. Larsgaard, Ålesund.

Skuta er på selfangst første gong i 1916. På veg heim frå fangstfeltet dette året grunnstøytte «Forland» i tjukk skodde ved Talknarhuk på Island i slutten av juni. Det vart fløytt etter hjelp og selfangaren «Aksla» kom til assistanse og fekk slept «Forland» av grunn. For å lette skuta måtte dei kaste all dekslast overbord.

På selfangst i Kvitesjøen i 1924 kjem «Forland» ut for hard skruing i isen den 12. mars. Rorstamme og rorramme vert bøygd og skuta fekk hol i underkant av rorstilken. Rekke og skansekledning vert også inntrykt. Lekkasjen verka å vere så stor at mannskapet førebudde seg på å måtte forlate skuta. Men då isen slakna noko, gjekk skuta saman igjen. Lekasjen vart mindre og mindre, og til slutt var skuta tett. Dei fortsette difor fangstinga, men under ny isskruing den 25. april vert styrbord side broten inn og vatnet fossa inn i skuta. Det var uråd å halde skuta lens med pumpene. Skipper Isak Remø gav ordre om å få båtar og proviant på isen. Natt til 26. april slakna isen og «Forland» gjekk straks til botn. Skuta hadde då ein brukar fangst ombord, med 2545 skinn. Forliset var omlag i posisjon 68.30 nordlegbreidde og 40.10 aust. Mannskapet drog med seg to fangstbåtar over isen, og etter ein 4 timars tur der begge båtane vert skada, kjem dei seg ombord i «Remø».