Frithjof (II)

Eigar1906 O. Thuestad, Knud J. Knudsen, Steffen Staalesen og mathias E. Thuestad, Haugesund og Gunder Kolstø og Anders A. Kvalvaag, Avaldsnes
1910 G. Robertson, Hammerfest
1935 G. Robertson A/S, Hammerfest
1936 A/S Istind, Ålesund (Elling Aarseth & Co)
1938 Elling Aarseth & Co A/S, Ålesund
Fartytypeseglkutter
Reg. merkeF 22 H (1920)
M 97 A (1936)
HeimehamnHammerfest - Ålesund
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår92,4 fot
Mål i breidde, byggeår22,2 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje104,89 brt 1906
105,96 brt 1912
108,69 brt 1933
Maskin, orginaltsegl
Maskin, nyHarstad MV Comp 75 hk
SkipperarWaldemar Kræmer 1914
J. M. Alexandersen 1916
Karl Georg Danielsen
Johannes Rise 1946 (ved forliset)
Ombyggingar Verft1933 vert den ein del ombygd, mellom anna lugarane.
ForlistForliste i Vestisen 17. april 1946
Utfyllande opplysningar

Det var dårleg med fangst i Kvitsjøen i 1914, og «Frithjof» hadde flytta seg til Nordisen. Her vart det etter kvart kolmangel, og dei gjekk inn til Isfjorden for å bunkre. Før dei gjekk inn sette dei i land fire mann på Forlandsøyane med mat for fire dagar. Dei skulle sanke egg og dun. På desse dagane sanka dei 3000 egg og fire sekkar dun. Først etter 14 dagar kom skuta attende, og karane hadde levd på egg og fugl i to veker. Grunnen til forseinkinga var at i 1914 vart Arctic Coal Company`s store farty «William D. Monroe» innefrosset ved Safe Harbour med 151 mann ombord.»Sterling» av Tromsø førte inn proviant til dei innefrosne folka. 151 mann blei seinare henta ut av «Fritjof».

Sommaren 1915 brukar selskapet Green Harbour Coal Co. skøyta «Onsø» for å undersøke forekomstar av kol i Grønfjorden. Det er mykje is i området og «Onsø» legg seg i råka etter «William D. Monroe». «Onsø» vert likevel fast i isen, og driv med den innover Isfjorden. Dønningen førte til sterk skruing, men mannskapet greier å fendre av for det verste. Men då veret ser ut som å bli stadig verre, og berging vansklegare til meir skuta driv frå kysten, vel mannskapet å forlate «Onsø» og tek seg inn til fastlandet.

«Onsø» dreiv vidare nordover, og då «Frithjof» var på kvalrossfangst i Nordisen noko seinare, oppdaga dei den forlatne skuta eit stykke inn i isen. «Frithjof» greidde ikkje å ta seg inn til «Onsø», men dei tok ein lettbåt med 6 mann og tok seg fram over isen. Etter seks timar var dei framme. Roret var brote på «Onsø» men elles såg alt ut til å vere i orden. Dei hogg til eit nytt ror av plankar dei fann ombord, og etter mykje strev klarte dei å sveive i gang maskina. Dei fann også dynamitt ombord og sprengde isen rundt skuta så dei fekk snu den. Etter tre døgn slakka isen noko av, og etter fem døgn hadde dei fått skuta ut i ope vatn ved sidan av «Frithjof». Dei som berga den gjekk den heile vegen attende til Hammerfest.

Under fangst i Kvitsjøen i 1925 hadde «Frithjof» vore fast i skruis fleire gongar. Dei hadde berre fangsta 200 sel då dei den 10. april igjen låg faste. Det såg ille ut, og skipperen gav ordre om å klargjere ein fangstbåt i tilfelle det skulle bli verre. Skuta låg ikkje så langt frå iskanten og dønningen var plagsom. 11 av 13 mann forlet no skuta. Det har i ettertid vore uklart om dette skuldast ei mistyding, var skipperens ordre, eller dei berre forlet skuta fordi dei var sikre på at den skulle gå ned. Reiaren hevda seinare at skipperen ikkje hadde gjeve ordre om å forlate skuta, mens mannskapet hevda skipperen hadde hjelpt dei med klargjeringa, og dei hadde oppfatta at dei skulle forlate skuta. Attende ombord var skipperen og maskinisten. Mannskapet på isen rekna med dei snart ville kome etter, men det gjorde dei ikkje. Dei blussa eit par gongar for å signalisere «kom etter hit». Frå skuta vert det blussa tre gongar «kom tilbake». Avstanden mellom fangstbåt og skuta tok til å auke, og mannskapetsåg ikkje anna råd enn å starte marsjen mot land før dønningen tok dei igjen og kanskje vart verre. Det var eit slit og drage fangstbåten over skrugardar. Dei tok sjansen på å etterlate båten og håpa det ikkje var isfritt langs land. Dei var omlag 8 kvartmil av land då dei forlet skuta. Klokka 09 neste morgon nådde dei land. Men dei var langt i frå Kapp Kanin dit dei måtte ta seg for å ha von om redning. Dei gjekk i tre døgn før dei var framme med russerane der. Dei telegraferte til Noreg og ba om berging. Etter ei tid kom 7 av havaristane ombord i «Flemsøy», dei fire andre kom ombord i «Istind» og seinare «heim med «Vesterhavet». Dei to som var igjen ombord i «Frithjof» hadde også nokre tøffe dagar. Skuta vart ført tvers over Kvitsjøen og kom ikkje lause før 14. april. Dei sette straks kursen attende dit mannskapet hadde gått på isen, men ingen ting var å finne. Til slutt makta ikkje dei to karane å manøvrere skuta døgnet rundt, og dei sette kursen heim for å hente hjelp.

15. april 1946 slår dei lause nokre baugklavar under bauging i Vesterisen. Dei legg stilt om kvelden for å prøve å reparere. Dei held fram fangsten neste morgon, sjølv om dønningen stadig veks og ein sterk kuling kjem over dei. Men isen byrja å presse saman. For å ungå skruing set dei derfor kursen ut av isen, og baugar segfram. Skaden i baugen vert forverra oglekkasjen aukar. Skuta lak til slutt så pass mykje at det ikkje var forsvarleg å fortsette åleine. «Polartind» var i nærleiken og vert tilkalla for å assistere dei ut av isen. Det viser seg etter kvart at skaden er så pass omfattande at vidare fangst er uaktuelt. «Polhavet» er klar for heimtur, og dei lovar å assistere på overfarta. Men etter ei tid ute av isen har lekkasjen auka så mykje at dei klarer ikkje å halde den flytande med pumpene. «Frithjof» måtte forlatast, men sjøen var for grov til at dette var forsvarleg. Dei to skutene set kursen mot isen att i håp om at sjøen er rolegare der. Etter ei tid finn «Polhavet» det forsvarleg å gå inntil havaristen, i le av ein isstrimmel. «Polhavet» tek ombord 18 mann, to fangstbåtar, redningsmateriell og ein del proviant. «Frithjof» sokk i ti-tida den 17. april med knappe 1100 sel ombord.

 

LitteraturStatsarkivet, Tromsø, sjøforklaring "Onsø" Johan Ottesen: Ishavsskuter III