Furenak

Eigar1917 Laurits S. Brandal, Brandal
1923 Aalesund Kreditbank
1923 D/S Furenak A/S, Vartdal (Peder E. Aarseth) kjøpt for kr. 41.160,-
1934 A/S Polar (Trygve Jervell)
1936 D/S Furenak A/S (Paal Aarseth)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 34 HD (1920)
M 80 A
M 8 VD
HeimehamnBrandal - Vartdal
ByggeverftKnut K. Skaala
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår98,5 fot
Mål i lengde etter ombygging106,6 fot - 116,4 fot
Mål i breidde, byggeår22 fot
Mål i djupne, byggeår10,7 fot
Tonnasje140,6 brt
158 brt
Maskin, orginaltBrunholmen MV 136 hk damp
Maskin, ny1949 Crossley 300 hk - 1962 Wichmann 500 hk - 1967 Wichmann 750 hk
SkipperarPeder E. P. Brandal (1918-1919)
Vebjørn Landmark (1923)
Severin L. Brandal (1918-1922)
Rolf Kvien (1932)
Hans L. Sætre
Martin Pedersen (1940)
Erling Lervik
Johan Aksnes (1950-1960)
Harald Moltu
Ombyggingar Verft1950 Forlengd til 106 fot
1963 Forlengd til 120 fot hjå Rolf Rekdal, Tomrefjord
1967 Ombygd til kryssarhekk i Kyrksæterøra
KondemnertKondemnert etter selfangst 1979, senka i Gangstøvika 1982/83
Utfyllande opplysningar

«Furenak» var bygd i tre ved Knut Skaala skibsbyggeri i Rosendal i 1916. Båten var 98,5 fot lang, 21,9 fot breid og 10,7 fot djup, 140,6 bruttotonn og 61,57 nettotonn. Båten hadde ei tostegs dampmaskin på 136 ind.hk, bygd ved Brunholmens mek.verksted i Ålesund.

Det var Laurits Brandal som fikk bygd «Furenak». Laurits var i lag med brørne sine og far sin innvolverte på eigarsida i mange av skutene på Brandal denne tida. Skuta fikk navnet sitt frå eit fjellparti rett bak huset til redaren på Brandal. Furenakken.

Då skuta kom ny frå verftet til Brandal, kunne vi lese i Sunnmørsposten at; «….den nye skuten er en sjelden pen og vel innredet skute. Agterut er indredet en lys, stor og hyggelig lugar for føreren samt særskilt lugar for skytterne. Det er intet spart for at få alt hyggelig og tidsmæssig for folkene ombord. Eieren, hr. l. Brandal, er særdeles vel tilfreds med den nye skute og han roser verkstedet for det udmerkede arbeidet det har utført.»

I 1918 gjekk “Furenak” ut frå Ålesund 22. mars. Det var storm i Vesterisen, skuta fekk skade på baugen, og måtte avbryte fangsten som til då var 800 dyr. Drog same år, 3 juni, til Stredet, og fangsta her 2000 dyr og var heime 1. august.

I 1919 var “Furenak” både i Vesterisen og Stredet, 2500 og 1500 sel. På vinteren brukte skuta med drivgarn etter sild, ved Stokksund og utanfor Mørekysten.

Ved innføringa av merkerigisteret i 1920 vart skuta registrert som M 34 HD.

I 1923 får eigaren problem i dei vanskelige økonomiske tidene som herjar, og Ålesunds Kreditbank overtek skuta. Dei sel den ein månad seinare til DS Furenak AS, Vartdal, for kr. 41.160,- I dette selskapet er det Peder E. Aarseth som er eigar. Skuta blir registrert i Ålesund med M 80 A, men seinare blir den flytta til Vartdal og får nr. M 8 VD

I 1933 skøyter DS Furenak AS båten over på AS Polar med Trygve Jervell i spissen. I 1936 tek DS Furenak AS over båten på nytt.

Hausten 1940 gjekk “Furenak” på ekspedisjon til Nordaust-Grønland med ein heildansk ekspedisjon for tyskarane med radio, våpen og norske uniformer. Ekspedisjonen vart landsett på sørsida av Davy sund, der dei bygde ein stasjon. Ekspedisjonen vart oppdaga og brent av “Fritjof Nansen” same haust. Ekspedisjonsmedlemane vart tekne med til Island, “Furenak” kom seg attende til Noreg.

Hausten 1948 får skuta ny maskin ved Kyrksæterøra. Ein Crossley på 300 hk. Samstundes får den også ny hekk. Etter dette er dei nye måla; 98,8 fot lang, 22,2 fot brei, og 11,0 fot djup. 143,19 bruttotonn. Nokre år etter vart den vidare ombygd og forlenga, og fekk måla 106,6 fot lang og 153,49 bruttotonn.

I 1962 var det på tide med motorskifte, og den fikk innsett ein Wichmann på 500 hk, som seinare vart ombygd til ein 750 hk i 1966. I 1964 fekk den montert kraftblokk og var på sildefiske i nordsjøen.

I 1970-åra var den også på ferskfisk tråling i nordsjøen. Siste turen på selfangst hadde «Furenak» i 1979 i Vesterisen. Men den var aktiv i islagde farvatn heilt til 1981 då den gikk i transport oppdrag for Den Kongelige Danske Handel på AustGrønland.

Men alt har en slutt; den 17. november 1983 vart «Furenak» senka i Gangstøvika ved Ålesund.