Gjallarhorn

Eigar1916 Bernt H. Olsvik, Ålesund
1928 A/S Sjøblomsten (Krohn & Jarl Aas, Kristiansund)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM-148-A
M-106-K
HeimehamnÅlesund- Kristansund
ByggeverftBolsønes skipsverft, Molde
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88,6 fot
Mål i breidde, byggeår22,6 fot
Mål i djupne, byggeår10,1 fot
Tonnasje121,13 brt 1916
124 brt
Maskin, orginaltA.M Liaaen MV 2 syl. damp 100 hk
SkipperarLars B. Saure (1916-1923)
Bergesen (1927)
Ivar Øverås (ved forliset)
ForlistForliste i Kvitsjøen 13.april 1929
Utfyllande opplysningar

6. juli 1923 plukkar “Gjallarhorn”  opp 8 mann frå “Polheim” som har forlist i Danskestredet.

I 1928 kom “Gjallarhorn” heim frå danskestredet med 1200 sel og 150 tønner håkjerringstran.

Det er stiv nordvestkuling over Kvitesjøen 12. april 1929, og “Gjallarhorn” ligg fast. Natta til den 13. april vert skuta pressa mellom to store florer, 2-3 meter tjukke. “Gjallarhorn” ligg nær ei grunne, så isen på den sida av skuta ligg fast. Skipperen byrja å gjere klart for å skyte med dynamitt. Men denne måtte tinast først. I mellomtida pressar isen inn styrbord side i ei lengd på 15 meter. Skuta tek naturlegvis inn vatn, meir enn pumpene greier å handtere. Det viser seg at eit stykke av skutesida på 8×3 fot er heilt innbrote. Fangstbåtane med nødvendig proviant og litt klede vert sette på isen. Dei pakkar også med seg segl i tilfelle dei må slå leir på isen. Ein ser ikkje andre skuter i nærleiken i snøfok og nattemørke. Vatnet stig i maskinromet og i firetida på natta kom ein kraftig eksplosjon som sprengde bort heile akterdekk. Trulegvar det ein karbiddunk. Det skulle ligge fire andre farty i nærleiken. “Ishavet”, “Polarbjørn”, “Quest” og “Autumn”. Den siste var også knust av isen.

Då det lysna såg både “Polarbjørn” og “Ishavet” naudflagget på “Gjallarhorn” og sende folk over. Då det ikkje var råd å berge noko meir av fangsten eller anna, byrja folket å gå i retning av “Polarbjørn”. Morgenen den 14. april slakna isen og “Gjallarhorn” la seg over på sida og sokk. Det tok “Polarbjørn” to døgn med bauging i isen før dei kom seg bort  å plukka opp det som havaristane hadde berga på isen.