Glannøy

Andre namnPollan
Eigar1956 Anna Hansen P/R, Svartnes, Balsfjord, Kåre Fredriksen, Tromsø, Alfon Jernberg, Tromsø
1960 Kåre Fredriksen
1963 Statens Fiskarbank
1964 Paul Blilkfeldt, Rabben, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 44 B (1956)
T 449 TD (1960)
T 175 T (1964)
HeimehamnTromsø
ByggeverftIvar Hagens Båtbyggeri, Molde
Byggeår1956
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår103,7 fot
Mål i breidde, byggeår25,2 fot
Mål i djupne, byggeår11,3 fot
Tonnasje152 brt
Maskin, orginaltWichmann 320 bhk
SkipperarPaul Blikfeldt
Kåre Fredriksen
Ombyggingar Verft1964 Tøllefsens skipsverft, Tromsø, storparten av framskipet fornya grunna kolfyr. Maskinen ombygd til å kunne yte 400hk.
Tidlegare namn"Pollan"
Kondemnertsøkkt i Veggefjorden sommaren 1984
Utfyllande opplysningar

På selfangst i Vesterisen i 1960 får «Pollan» slege av eine propellvengen av ein isfot. Dei kunne no berre gå med sterkt redusert fart, og «Salvator» som var hjelpeskip dette året vart tilkalla for mulig assistanse. «Pollan» skulle få låne eit propellbald med «Hisø». Men «Salvator» måtte prioritere eit anna oppdrag første, dei måtte assistere «Munkøy» som også hadde fått problem. I mellomtida fekk «Pollan» vite at «Flemsøy» måtte inn til Island for å reparere skader i baugen. Sidan det var meldt dårleg ver valde skipperen på «Pollan» å be «Flemsøy» om slep. Slepet til Island gjekk fint, og dei kom inn 17. april. Propellen vart raskt reparert, og dei var snart tilbake på fangst.

«Pollan» får ny eigar i 1964 og skuta skiftar no namn til «Glannøy». Reiaren, Paul Blikfeldt, hadde tidlegare hatt ein båt med dette namnet, og «Pollan» tek no over namnet. Det hadde også gått kolfyr i store delar av skuta, og no vert storparten av framskipet fornya.

Under sildefiske på Mørekysten vinteren 1966 kolliderer «Glannøy» med det svenske skipet «Candia». Begge båtane slår full fart akterover, men det vert kontakt. «Glannøy» fekk ikkje skade, men den svenske båten fekk ein del skade på trålarbakken.

Sommaren 1966 får «Glannøy» kraftblokk. 5. oktober 1966 var skuta på veg frå Tromsø til Nordsjøen på sildefiske då dei gjekk på grunnpå Ribeflua. Her mangla lykta etter at ein annan båt hadde køyrt ned denne nokre dagar før. «Glannøy» vart dregen av kort tid etter, og gikk for eiga maskin til Kristiansund for undersøkingar.

26. mars 1970 går båten på grunn igjen, denne gongen ved Trollvikgrunnen. Bergingsbåten «Sterkodder» måtte tilkallast for å få dei lause igjen.

På veg til Hopen på fiske i 1975 grunnstøtte «Glannøy» for full fart i fjøra ved Eidstranda den 11. juli. No kom dei seg av ved eiga hjelp ved neste flo.

Under rekefiske på Gåsbanken i 1981 køyrde «Glannøy» fast trålen. Det var storm og skuta låg der å reid på bølgene i eit og eit halvt døgn før dei til slutt misste trålen. Skuta fekk no så pass med skade at ein ikkje såg lønsemd i reperasjon. Skuta vert søkkt i Veggefjorden sommaren 1984.

Ishavsdrift til ca 1968.