Godønes

Eigar1919 P/R Haakon Johansen, Karl Johansen, Otto Johansen, Astrup Johansen og Oskar Kristoffersen, Bodin.
19?? Bodø Sparebank
1921 Angel Krey og Hans Henriksen, Kaljord i Hadsel
1939 Ingvald Isaksen, Tromsdalen
1943 P/R Ingvald, Leif, Einar og Alfon Isaksen
FartytypeSelfangar
Reg. merkeN-47-BN (1920)
N-4-H (1921)
T-8-TD (1939)
T-45-T (1964)
HeimehamnTromsø - Tromsdalen
ByggeverftO.B. Olsens båtbyggeri, Rognan
Byggeår1919
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,0 fot
Mål i lengde etter ombygging68,6 fot 1947 - 74,9 fot 1955
Mål i breidde, byggeår18,3 fot
Mål i breidde etter ombygging18,7 fot 1947 - 18,8 fot 1955
Mål i djupne, byggeår7,5 fot
Mål i djupne etter ombygging8,5 fot 1947
Tonnasje39,42 brt 1919
59,19 brt 1947
85,32 brt 1955
Maskin, orginaltBolinder 40 hk
Maskin, nyMunktell 75 hk - 1950 Munktell 150 hk - 1960 Volvo Penta 310 hk - 1969 Volvo Penta 420 hk
SkipperarLeiv Isaksen
Per Isaksen (1977-79)
Ombyggingar VerftUtrusta til ishavsskute i 1947, forlengd, ved Kyrksæterøra, nye dekkshus.
1955 Johan Drages slip & verksted, Rognan, ombygd, forlengd og med ny rana baug, halvdekk både framme og akter. Ominreidd under dekk
1971 Nytt styrehus ved E. M. Hansen i Grovfjord, montert kraftblokk.
KondemnertKondemnert 1981
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1949 til Austisen. Den kom heim med 1844 sel. Den hadde flest turar til Austisen, ein del i Nordisen, og nokre få i Vesterisen.

Under krigen var skuta rekvirert av tyskerane. Den var i dårleg forfatning då den vart levert tilbake, men den vert provisorisk reparert for å nå lofot- og finnmarksfiske i 1946. I 1947 vert den ombygd og forlengd på Kyrksæterøra og leigd ut til Troms fylkes dampskipselskap som brukte den i erstatningsrute til 1949.

I 1955 var den ny ombygd og forlengd til Vesteris-sesongen. Der fanga dei 135 vaksne og 1150 små sel.

I 1957 bergar «Godønes» mannskapet på «Polarkyst» under fangst i Austisen. Dei hadde maskinhavari og i ferd med å drive ned på nokre grunner på «Godønes» til slutt lukkast med å få slepar om bord, men denne slita fleire gongar, og mannskapet måtte til slutt hoppe i fangstbåten og greidde å ta seg vekk frå grunnbrota og kom seg om bord i «Godønes».

  1. mars 1960 var «Godønes» på fangst i Vesterisen då dei slår propellen i ein is og maskina stoppa. Dei fekk også ein lekkasje i akterstamnen. Hjelpeskipet «Salvator» kjem til neste dag og dei får tetta lekkasjen med sagflis. «Salvator» slepa havaristen ut av isen der «Uller» kjem til å sleper skuta heim. Dei hadde 80 sel om bord.

Etter dette går dei til Austisen. På vegen dit vert skuta arrestert av russerane, utan nokon særleg god grunn, men vert snart sleppte fri. Fangsten vart 780 sel.

Frå 1972 til 1981 var skuta også nytta i bruksvakta. Mot slutten av 1981 vert skuta kondemnert.

Brukt som fiskebåt, ishavsskute og som bruksvaktfartøy. Siste skute med original fururigg og tønne av tre. På selfangst frå 1949 til 1979.

Rekvirert av tyskerane og brukt som vaktbåt for “Tirpitz” medan denne låg i Alta.

I 1955 på norsk-amerikansk overvaknings / etterretningsoppdrag i området Bjørnøya – Svalbard – Novaja Semlja med lytte og peileutstyr ombord.

I 1961 safaritur med Odd Berg og ein amerikanar.I 1968 på bjørnemerking saman med “Polstjerna”, leiar Thor Larsen.

Kondemnert i 1981, brukt som målfartøy for KNM “Bergen” ved øvingsskyting på Trænabanken. Skoten i senk.

Mast og tønne plassert ved Polarmuseet i Tromsø.

 

LitteraturEivind Kristiansen: Ishavsfart frå Gratangen og Ibestad.