Grande

Eigar1917 P.A. Mølsæther / A.H. Alm, Ålesund
1918 P.A. Mølsæther / Gustav Fugelseth
1921 Aalesunds Handelsbank A/S
1923 Bernt Hide / Njaal Olsen
1955 Njål Olsen, Sandshamn
1963 Petter Jarnes, Tjørvåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 28 S
M 250 HØ
HeimehamnSande - Tjørvåg
ByggeverftP.A. Neraas skipsbyggeri, Tomrefjorden.
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår61 fot
Mål i lengde etter ombygging72 fot 1929 - 83,2 fot 1950
Mål i breidde, byggeår19,2 fot
Mål i breidde etter ombygging19,3 fot - 19,4 fot 1950
Mål i djupne, byggeår7,7 fot
Mål i djupne etter ombygging8 fot
Tonnasje53,55 brt 1917
65,91 brt 1929
80,07 brt 1950
107,22 brt 1957
Maskin, orginaltSkandia 60 hk
Maskin, ny1934 Wichmann 120 hk - 1951 Alpha 240 hk
SkipperarH. Olsen (1918)
Emblem (1919
Bernt Hide
Gustav Egset (1947-)
Petter Jarnes
Ombyggingar Verft1929 ombygging og forlenging ved Bolsønes verft
1934 ny maskin
1950 ombygd i Tomrefjord, ny rana baug
1951 ny maskin
1957 ombygd ved Langsten, ny kryssarhekk
KondemnertKondemnert og søkkt i 1970
Utfyllande opplysningar

Første gong på selfangst i 1918.

“Grande” var ute for mykje uhell i 1920. Først sleit den seg på Ålesund hamn og dreiv ned på “Harald” som låg ved pakkhuset til Fugleberg & Tøsse. Då dei fekk i gang maskina får dei tau i propellen. Men dei klarte å hale seg til land. 19. august kom “Grande” og skulle legge til ved sjøhuset til Sigvald Brandal i Brandal, då kom skuta bort i muren og braut klyverbommen. Restane av denne knuser kappa. Då dei har fått fortøyy og starta lossinga, slita fortøyningane og skuta dreiv på land og låg og hogg mot botnen. “Grande” kom seg av ved eiga hjelp, men dreiv då ned på “Gunhild” som låg ankra i bøya, og slo inn hekken på henne.

I 1929 ekspedisjonsskute for Birger Jacobsen til Jan Mayen.

I 1930 er “Grande” leigt inn til ekspedisjonsskip på Aust-Grønland for ein meteorologisk ekspedisjon under leiing av rumenaren Dumbrava.

I 1931 er “Grande” ekspedisjonsskute for Jacobsen igjen til Jan Mayen for å drive geologiske undersøkingar.

I 1938 er “Grande” ekspedisjonsskip då Ole Klokset ville etablere fangststasjon så langt nord på Aust-Grønland som mogleg. Derifrå ville han drive fangst nordover mot Pearyland, men isforholda dette året gjorde at han måtte finne seg terreng lenger sør.

I 1939 var Grande på ein ny ekspedisjon til Aust-Grønland, denne gongen til den meteorologiske stasjon og radio på Torgilsbu lengst sør på Aust-Grønland.

I april 1940 var Grande som vanleg på selfangst i Vestisen. Då Norge vart invadert av tyske styrkar 9. april, samla skutene seg. Skipperane hadde samrådingsmøte om bord i Veslekari. På fangstfeltet var den tysk-eigde skuta Sachsen, og dei norske skipperane frykta at Sachsen skulle gje opp posisjonane for dei norske skutene til tyske ubåtar. Det var også snakk om å senke den tyske skuta. Men det vart det ikkje noko av. Det var også ein del diskusjon om skutene burde gå til Island eller til England i staden for heim til Norge.

Grande og kameratskuta Polartind av Herøy gjekk til Tromsø. Der vart dei liggjande til kampane i Nord-Norge var slutt i juni. Dei to skutene låg fortøyde side om side ved ei sjøbu i Tromsø. Ein gong då krigsskip gjekk med stor fart gjennom Tromsøysundet, vart bårene etter krigsskipa så høge at ein davit på Polartind gjorde skade på ein av fangstbåtane på Grande. Grande vart brukt til snurpefiske i storsildsesongane i åra 1941-44.

Sommaren 1953 var Grande på ein frakttur med ei last isa lange til Skärhamn i Sverige. På returen hadde skuta med ei last sement frå Brevik til Sunnmøre. Undervegs hadde skuta eit opphald ved motorfabrikken i Frederikshavn i Danmark for eit litt omfattande garantiettersyn på hovudmotoren som vart innmontert to år tidlegare

I 1955 gjorde skuta sin raskaste ishavstur. Turen varte i 14 døgn frå skuta gjekk til ho var heime igjen. Fangsten var ca 2000 dyr med stort og smått.

I 1957 selde Bernt Hide seg ut, slik at Njaal Olsen vart eineeigar av Grande. Om hausten same året gjekk skuta gjennom ei større ombygging av hekken.

I 1959 er “Grande” på fangst i Vesterisen og går i råk bak fleire andre skuter då propellen brått slutta å fungere. Det var trekkstonga som var avbroten. Vinden auka på, og “Polartind” kom til for å halde “Grande” klar av iskanten. Då vinden stilna neste dag kom hjelpeskipet “Salvator” til og vart liggande ved “Grande”. Slepebåt vart sendt ut frå Tromsø, og 24. mars sleper “Salvator” “Grande” til Jan Mayen der “Uller” kjem og tek over.

I 1964 er “Grande” på juksafiske ved Aust-Grønland. På veg mot land der den 23. juli merka ein eit søkk i skuta og maskina jobbar tungt. Dei kom seg til lands med sakte fart.  Dagen etter då dei starta maskina var det ikkje råd å få den til å gå framover. Redningskryssaren “Haakon VII” vart sendt ut for å hente “Grande” og slepar den til Reykjavik for reparasjon. To veker seinare er dei tilbake på fiskefeltet.

Frå 1963 er “Grande” hjelpar i Nordsjøen.

I 1965 får skuta montert kraftblokk.

I 1970 vert “Grande” kondemnert og søkkt på Vikedjupet i Herøy 2. september.

Meir om “Grande” her: https://www.ishavsmuseet.no/wp-content/uploads/2020/05/isflaket2007_02.pdf

LitteraturIsflaket nr. 2-2007 -