Gungnir

Eigar1922 Den Norske handelsbank
1923 Anders A. Hovde m.fl. Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 194 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftAspens Værft, Kristiansund
Byggeår1923
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår101,9 fot
Mål i breidde, byggeår23,1 fot
Mål i djupne, byggeår11 fot
Tonnasje137,9 brt
Maskin, orginaltBolinder 2 syl. 2 T 160 bhk
SkipperarPeder P. Brandal
Ole M. Tokle (1928-1930-1931)
ForlistForliste i Kvitsjøen 6. mars 1933 i isskruing
Utfyllande opplysningar

Skuta fekk det litt uvanlege namnet frå Norrøn mytologi. Spjutet Gungnir var ei gåve frå guden Loke til guden Odin. Dette spjutet hadde som eigenskap at det kunne trengje gjennom alt. Det skulle vere ein passande eigenskap for ei skute som skulle gå i is.

«Gungnir» var ei av ishavsskutene som kombinerte håkjerringsfiske og moskusfangst. Etter Stredeturen i 1930 gjekk skuta til Loch Fyne på Aust-Grønland og dreiv moskusfangst tidleg i august. Dei hadde med heim 16 levande og 26 daude moskus. Dei levande moskusane stod ei tid i ei innhegning ved reiaren sitt pakkhus på Heissa før dei vart selde.

Skuta var på Vest-Grønland på kvalrossfangst i 1931 og kom attende til Ålesund med 48 tonn kvalross-skinn og spekk, samt tenner frå 450 kvalross.

Ut på føremiddagen i Kvitesjøen 5. mars 1933 vart isen så tett rundt «Gungnir» at dei vart liggande stille litt aust for Bolshiagrunnene. Ut på kvelden same dag kom det ei isskruing som skipper Tokle ikkje hadde sett makan til tidlegare. «Gungnir» vart pressa 200 meter inn gjennom ei isflore. Brått enda den ufrivillige ferda gjennom isen. «Gungnir» hadde fått juling og krenga no sterkt over og vatnet fossa inn. Alle pumper, både på dekk og i maskin vert sette i gang, men vatnet stig. Etter omlag eit kvarter minka lekkasjen, og dei greidde å halde noko lunde tritt med vass standen.

Det vart likevel gitt ordre om å ha på isen båtane og det dei kunne berge av klede og proviant, og anna dei kunne få bruk for. I halv tre tida natt til 6. mars har vatnet stige så mykje i maskinrommet at lensemotoren stogga. No steig vatnet raskt, men dei heldt likevel fram med dekkspumpene for å halde skuta lengst mogleg. Det var sterk vind og kaldt.

I sekstida om morgonen våga dei ikkje lenger å opphalde seg ombord. Men isen held skuta oppe, og den sokk ikkje før kl. 11.30.

Mannskapet på 18 mann måtte opphalde seg på eit isflak i over eit døgn før det var verforhold til å freiste å ta seg fram over isen til «Storis». Etter ein tre timars mars på isen vert dei teke opp av «Storis».

 

LitteraturOttesen: Ishavsskuter III